Det omstridde vedtaket frå siste helgs landsmøte i Sogndal om å tillate sambuarar som leiarar i organisasjonen, er grunn til at Husabø melder seg ut. I eit lesarinnlegg i den kristen dagsavisa Vårt Land tek han eit bittert oppgjer med ein organisasjon han har vore medlem av i 28 år:— Eg oppfattar det slik: Gud seier: Du skal ikkje drive hor. KFUK og KFUM seier: Du kan drive hor, skriv Husabø i innlegget. Oppsikt Norges KFUK-KFUM er den største og viktigaste kristne barne- og ungdomsorganisasjonen i landet. Det er også ein organisasjon som tradisjonelt har hatt sterke og tette band til Den norske kyrkja. Difor vekte det oppsikt då organisasjonen på landsmøtet i Sogndal nesten samrøystes gjekk inn for at sambuarar kan vere leiarar i organisasjonen. Og ikkje nok med det. Landsmøtet var berre ei hårsbreidd frå å vedta at homofile som lever i parforhold skulle få fulle rettar på alle plan i KFUK-KFUM. Tapt respekt Leiaren i Sogn krins kan ikkje finne seg i avgjerda om å gje grønt lys for at sambuande kan få leiarverv. Han trur ikkje lenger organisasjonen kan brukast til å nå unge menneske.- Dei har med dette vedtaket mista all respekt som åndelege leiarar. Dei står att utan kraft til å rettleie unge til Kristus, skriv Husabø i lesarinnlegget der han også gjev uttrykk for at det er med stor sorg han no forlet organisasjonen.- Bibelen er ikkje lenger rettesnor for organisasjonen, no er det tilpassing til postmodernismen som er styrande. Det vart sagt rett ut i argumentasjonen: Vi må prioritere takhøgde framfor «det religiøse aspektet».Bergens Tidende lukkast ikkje å få fatt i Husabø i går, som tidlegare har sagt at han ikkje vil ikkje uttale seg til media på annan måte enn gjennom lesarinnlegget han har sendt den kristne dagsavisa. To utmeldingarAvtroppande generalsekretær i Norges KFUK-KFUM, Ørnulf Elseth, seier til Bergens Tidende at han i tillegg til Husabø kjenner til ytterlegare ei utmelding. Elseth legg ikkje skjul på at han sjølv var kritisk til vedtaksteksten, men deler ikkje synet krinsleiaren i Sogn har om at KFUK-KFUM no er «ein organisasjon uten kraft til å rettleia unge til Kristus».- Eg forstår reaksjonane. Etter mitt syn skulle vedtaket sterkare understreka at vi ser på ekteskapet som den klart beste samlivsform. Ordlyden i landsmøtevedtaket understreka ikkje godt nok stillinga til ekteskapet. Men bortsett frå det kan eg ikkje sjå at vi har vedteke noko særleg anna enn det Den norske kyrkja gjer i praksis, kommenterer generealsekretæren.