• Mitt inntrykk er at det først og fremst er foreldra som er engstelege. Det er ikkje mange av elevane som er særleg redde, seier Nina Mæland, som går i 10. klasse ved Nysæter ungdomsskule.

— Kva synest du om at læraren må halde seg heime?

— Det er litt greitt. I tilfelle det er noko, er det best å ta førehandsreglar. Det er jo berre i to veker.

Nina er klassekontakt, og fortel at dei har snakka ein del om sars på skulen. Men tanken på sars-smitte i fredelege Sunnhordland er fjernt

— Det har ikkje heilt gått innpå meg at sars kan kome hit til Stord. Det er borti Kina sars er, ikkje her. Det er heilt utenkjeleg, seier Nina.