OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bergens-tidende.no

8.mars 1996 klappa Ølen-skøyta "Eldbjørg" til kai med 15.000 liter smuglarsprit. Tre sørlendingar som leigde skøyta er for lengst dømde til fengselstraffer for smuglartoktet til Danmark. Dei tre båteigarane frå Ølen, Terje Hegerland, Bjørn A. G. Lunde og Kåre Johannes Welle blei frikjende i Sunnhordland heradsrett.

Symbolsk erstatning Då ølensbuane gjekk til søksmål med krav om 1,3 millionar kroner i erstatning, fekk dei berre ei symbolsk dekning på rundt tusen kroner kvar. Retten meinte at Hegerland, Welle og Lunde burde vita kva "Eldbjørg" skulle brukast til då leigetakarane tok henne frå kai i Ølen på ettervinteren 1996.Hegerland, Welle og Lunde sat i varetektsfengsel i 35 dagar, båten var i statleg beslag i 16 månader.— Hadde ikkje politiet rota bort draft, leigepapir og andre dokument vi hadde om bord, ville det ikkje ein gong vore grunnlag for varetektsfengsling, seier Kåre Johannes Welle.

Erstatningsaka opp att Erstatningssaka skal opp att for Sunnhordland heradsrett etter at Gulating lagmannsrett oppheva kjennelsen. Det skjer truleg i løpet av våren.For eitt år sidan bad ølensbuane sin forsvarar, advokat John Raknes om at Hordaland politidistrikt utleverte "Eldbjørg"-beslaga. 8.januar i år kjem svaret frå politiinspektør Line Hvidsten. Deler av beslaget er ifølgje Ingebrigtsen sendt til far til ein av sørlendingane som blei dømde for smuglinga.Advokat Raknes og klientane reagerer sterkt. Dei meiner at sentrale beslagdokument er komne på avvegar. Kåre Johannes Welle seier at dokumenta syner at "Eldbjørg" blei leigt ut til ulike oppdrag på seriøst grunnlag.Sørlendingane som er dømde for smuglinga har hevda at båteigarane ikkje var informerte om at "Eldbjørg" skulle nyttast til ulovleg innføring av sprit i 1996. Sørlendingane blei avskorne som vitne då ølensbuane gjekk til erstatningssøksmål i Sunnhordland heradsrett i desember 1999. Welle, Hegerland og Lunde vonar at dei får høve til å føra vitna når saka skal opp på ny.