Det syner den kritiske rapporten om barnevernet i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland som fylkesrevisjonen i dei tre vestlandsfylka har laga.

Ei rekkje stader i rapporten legg barnevernsarbeidarane som er intervjua vekt på at dårleg økonomi gjer at kommunane kvir seg for fremja saker for fylkesnemnda.

Ein av dei intervjua frå Hordaland uttaler seg slik

«Kommunane er opne på at økonomi og menneskelege ressursar er årsak til at ei sak ikkje vert fremja for fylkesnemnda. Dette gjeld ikkje alle. Økonomi kan vere bakgrunnen for at § 4-4, 5. ledd nyttast (friviljug omplassering red. merknad) i staden for § 4-12. (omplassering ved tvang etter vedtak i fylkesnemnda red. merknad))

Kommunen avgjer sjølv plassering etter 4-4, 5. ledd medan plassering etter § 4-12 er tvangsplassering, og vedtak må gjerast av fylkesnemnda. § 4-4, 5. ledd var tenkt nytta i dei tilfelle kor ein eller begge foreldra i ein kort periode treng hjelp.»

Må venta for lenge

I rapporten vert det også peika på at ein del barn som er mellombels plasserte utanfor heimen, ventar for lenge på avklaring av den framtidige omsorgssituasjonen.

«Langvarig mellombels plassering er først og fremst uheldig for barnet, men det fører også til at fylkeskommunen må ha eit større tal akutt-/kriseplassar enn det ein elles hadde trengt», meiner barnevernsarbeidaren som vert intervjua.

Han peikar vidare på at fleire saker som burde vore lagt fram for behandling i fylkesnemnda etter § 4-12, men kor kommunane sjølve tek avgjerda etter § 4-4, 5. ledd.

«Dette er eit misbruk av § 4-4, 5. ledd som er meint som eit kortvarig hjelpetiltak», vert det slege fast.

Ein av dei intervjua frå Rogaland meiner at rettstryggleiken for barn er avhengig av haldningar og økonomi i kommunen. Dette gjeld i høve til hjelpetiltak, omsorgstiltak og til dømes vilje til å forsterke fosterheimar.

Vidare vert det uttalt i intervju: «Eg trur at ein vesentleg grunn til at Rogaland har ein høg medhaldsprosent, er at kommunane berre fremjar dei sakene dei er sikre på å få medhald i. Den økonomiske byrden som ei sak fører med seg, gjer sitt til at berre dei «sikre» sakene vert fremja.»

Kvir seg for utgiftene

Ein av direktørane for Barne— og familieverntenesta i dei tre fylka trur at økonomien i kommunane kan vera ei årsak til at ei sak ikkje vert fremja for fylkesnemnda:

— Det er store utgifter når ei sak skal leggjast fram for nemnda; til sakkunnige utgreiingar og advokatar. Barnevernstenesta vil kanskje vegra seg dersom dei tidlegare ikkje har fått medhald.

Men han peikar også på at negative erfaringar til fylkesnemnda og omsynet til barnet kan spela inn

— Ein trur ikkje at saka får medhald, eller at synet deira vert lagt til grunn. Barnevernet veit dei framleis skal ha ansvaret for å følgje opp familien, og ei fylkesnemndssak er å setja samarbeidsrelasjonen på spel. Mange meiner at ein må vere trygg på at det er heilt rett, og at ein får gjennomslag før ein vel å gå til eit slikt skritt.

Vidare uttalar Hordaland at: «Det ikkje er utenkjeleg at økonomi (og personalressursar) i kommunane er ei årsak til at kommunar ikkje fremjar saker om omsorgsovertaking for fylkesnemnda, eventuelt ventar «for lenge» med å fremje saker. Kommunane har høg medhaldsprosent i fylkesnemnda når det gjeld framlegg til vedtak om omsorgsovertaking. Dette kan tyda på at kommunane berre fremjar dei sakene dei er rimeleg sikre på å få medhald i, og det kan innebere at nokre saker vert fremja «for seint» i forhold til barna sine behov.»

Til påstanden «kommunane fremjar berre saker kor dei i utgangspunktet er sikre på medhald,» uttalar ein av dei intervjua frå Hordaland:

«Ja, det er dei mest alvorlege sakene som vert fremja, dei kor kommunen er sikre på medhald.»