PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noFørde

På gårsdagens skiftesamling kom dessutan fram at dei samla krava i buet er oppe i over 286 millionar kroner, fordelt på 41 ulike fordringar. Rundt 265 millionar er krav frå skattefuten, medan knappe 19 millionar er uprioriterte krav frå levrandørar.Økokrim meiner at det kan ha vore straffbart av den svindel-sikta Jarle Kvalheim å medverke til å hente utbyte i selskapet, ettersom han visste at overskota gjennom fleire år kom som følgje av urettmessig moms-refusjon. I denne samanhengen er tidspunktet for insolvens interessant, altså kva tidspunkt selskapet byrja å leve på urettmessige midlar frå det offentlege.I den førebelse rapporten meiner altså bustyrar Jan E. Holvik at dette kan ha skjedd så tidleg som i 1995. Vidare trur bustyraren at selskapet kan ha gjort omstøytelege disposisjonar i den siste tida før konkursen.— Det er ikkje dokuentert at selskapet var insolvent allereie i 1995. Vi avventar kva dokumentasjon blant anna fylkesskattekontoret kjem med i dette spørsmålet, seier Reidar Blom, ein av advokatane for Jarle Kvalheim.