Kraftselskapa skrur prisane kraftig opp. Men rekninga som du no må betale for straumforbruket dei siste månadene, er ikkje unormal. Tvert om er det straumrekningane dei siste åra som har vore unormale. Straumen har vore unormalt billeg. Det meiner i alle fall aktørane i kraftbransjen.

— Straumprisen vi er i ferd med å komme opp i no, vil vere den normale, meiner produksjonsdirektør Tore Kolstad i Oslo Energi Produksjon AS. Fleire andre aktørar i kraftbransjen som Bergens Tidende har vore i kontakt med, legg ikkje skjul på at dei meiner prisen på elektrisk kraft dei siste åra har vore kunstig låg.

— I fjor låg prisen på kraft i den såkalla spotmarknaden ned mot ti øre kilowattimen. Konsekvensen av ein så låg pris er at ingen vil investere. Styremaktene har heilt klart signalisert at tida for dei store vasskraftutbyggingane er forbi. Det vil vere uråd å byggje ut ny kraft, eksempelvis vindkraft, når kraftprisen ligg på ti øre kilowattimen, seier Kolstad.

Han meiner dagens pris i spotmarknaden, kring 20 øre, gjev langt større balanse mellom kostnaden med å produsere straum og prisen forbrukarane må betale. Og at det er dette prisnivået forbrukarane må innrette seg etter i åra framover. Tore Kolstad påpeikar dessutan at kilowattprisen berre er ein del av den prisen forbrukarane endar opp med.

— Nettleige, fastledd, el-avgift og moms utgjer ein langt større del av straumrekninga enn sjølve kraftprisen. Så når det vert framstilt som om at ei dobling av kraftprisen fører til dobbelt så stor straumrekning, vert det direkte feil.