• Det er pengar det står på. Teknisk sett er problema for rullestolbrukarar løyst for lenge sidan, seier Inge Dahlberg, nestleiar i Norges Handikapforbund Bergen.

BT var i går med Dahlberg for å prøve ein av dei to Gaia-bussane som går i rute og er tilpassa rullestolbrukarar. Tre linjer er alt han har å velje i — dei såkalla Servicelinjene. Den eine går i sentrum, dei to andre på Landås og Laksevåg.

— Denne er heilt fin, med rampe å køyre inn på og sete som står på skinner og som kan flyttast, seier Dahlberg og manøvrerer seg om bord på den ombygde spesialbussen for eigen maskin. Dahlberg er av dei heldige som er utstyrt med eigen bil, og kan difor kome seg rundt stort sett som han vil.

— Ikkje alle er i stand til eller har råd til eigen bil. For dei er transport eit stort problem, seier Dahlberg. Han helsar dei nye EU-reglane velkomne med glede.

— I mange andre land har dei kome mykje lengre enn her, for eksempel i USA. Der pliktar transportørane å skaffe skyss også til rørslehemma, seier Dahlberg.

Handikapforbundet har to ombygde bussar med rullestolheis som blir brukt rundt om i Hordaland av sjukeheimar, andre institusjonar og lokallag.

— Behovet er stort, og bussane blir brukt heile tida. Problemet er pengane. Vi kan ikkje forvente at busselskapa betaler, med den dårlege økonomien dei har. Her er det styresmaktene sentralt som må trø til. Ein rullestolheis kostar 200.000 kroner, seier Dahlberg.

Sjåfør Odd Vik på Servicelinjen har gode erfaringar med dei spesialbygde rutebussane, men skulle ønskt seg større trafikk.

— Det har tatt seg litt opp i sentrum i det siste, men vi har fortsatt ledig kapasitet, seier Vik.

UNNTAKET: To slike spesialtilpassa bussar er det einaste faste rutetilbudet for rullestolbrukarar i Bergen. Inge Dahlberg i Norges Handikapforbund ser fram til nye EU-reglar som kan sikre han tilgang også på ordinære ruter.
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN