— Norges Turistråd har drive sensasjonsreklame her i Tyskland. Dei har framheva at det er fritt fram for å fiske akkurat så mykje du vil, og at det er så mykje fisk i havet at fangsten nærast sprett opp i båten av seg sjølv. Dette er vel ikkje så lurt dersom dei fryktar overfiske. Det er også misvisande reklame; vi som fiskar veit at fangsten varierer alt etter årstid, vasstemperatur og fiskelykke, seier generalsekretær Uwe Schuller i Verband Deutscher Sportfischer e.V. (VDSF) - ein organisasjon som organiserer 670.000 tyske sportsfiskarar.

Han har høyrd om dei norske planane om å regulere fritidsfisket til sjøs, og forstår at mange reagerer når tyske turistar fyller opp svære frysarar medan dei er på ferie.

- Hadde med to frysarar

Fiskeentusiasten er sjølv i Noreg kvar einaste sommar for å fiske, og har møtt landsmenn utan magemål.

— Eg snakka ein gong med ein mann som hadde med seg to svære frysarar. Kvar einaste dag i seks-åtte veker skulle han fiske for å fryse ned. Fisken skulle han ta med til Tyskland for å selje. Den slags er det ikkje meining i. Det er heller ikkje lov å selje fisken i Tyskland, slik ein del gjer for å finansiere turen, seier Schuller.

Skeptisk til gjennomføringa

Verband Deutscher Sportfischer e.V. meiner ei lovregulering vil vere til å leve med, så sant reglane ikkje blir for firkanta og strenge.

— Men eg må innrømme at eg lurer på korleis dei vil gjere det i praksis. Å kaste ut igjen fisk som er for liten, vil ved havfiske som regel ende med at fisken døyr. Og dersom det blir innført kvoter: Kven skal kontrollere at dei blir respektert? Tollvesenet? Politiet? Det blir ikkje enkelt, meiner Schuller.

Forslaget frå Norges Fiskarlag om ei grense på åtte kilo for kvar turist meiner han er alt for lågt.

— Dei må passe seg for å helle barnet ut med badevatnet. Strenge reglar vil gje færre turistar frå Tyskland, seier Schuller, som sjølv har ein lofottorsk på 17,3 kg som personleg rekord. Med Fiskarlagets reglar kunne ikkje trofeet vorte med heim til Tyskland.

Eit mindretal overfiskar

Schuller er også i tvil om sportsfisket har så stor innverknad på bestandane som somme vil ha det til.

— Det har vore sett fram dei same påstandane langs Østersjøen. Der har undersøkingar vist av berre 1-2 prosent av fisken blir tatt av sportsfiskarar. Det er eit svært lite mindretal av oss som fiskar i time etter time kvar einaste dag for å fylle opp frysarane, seier generalsekretæren.

FISKEFERIE: Ein tyskar i Noreg...
FOTO: GIDSKE STARK