Eg tek på meg den oppgåva og seier:

Eg synest ikkje jula byrjer for tidleg. Eg synest ikkje jula er blitt for stressande og kommersiell. Det einaste som kanskje er litt stressande med jula er at så mange heile tida masar om at jula byrjer for tidleg, og er blitt for stressande og kommersiell.

Jula er blitt så oppkava, seier dei, det er ikkje tid til ettertanke lenger. Magien er borte når du et lutefisk i oktober. Magi? Lutefisk er ikkje ein tryllekunst. Lutefisk er mat. Og synest du lutefisk smakar godt, så smakar det vel også godt i oktober? 17. mai blir ikkje øydelagt sjølv om du har tatt deg ei pølse i mars.

JULA HANDLAR BERRE

om forbruk, seier dei, om kjøpesenter som prøver å få oss til å kjøpe mest mogleg. I norgesmeisterskapet i lite oppsiktsvekkjande observasjonar vil denne komme høgt opp. Det heiter trass alt kjøpesenter, det er ingen som prøver å skjule kva desse sentra driv med. Hvis ikkje det var for å få oss til å kjøpe ting, kva i all verda skulle elles vere poenget med eit kjøpesenter? Forskjønning av landet? Sysselsetting av arkitektar som er veldig glade i å teikne firkantar? Problemet med den moderne jula, seier dei, er at vi gløymer julas eigentlege bodskap, vi gløymer Jesusbarnet. Korleis i all verda skulle vi kunne klare å gløyme julas eigentlege bodskap? Det har vi fått pressa inn i skallane våre kvart einaste år på skulen.

Det går ikkje an å gløyme Jesusbarnet. Det er ikkje det at eg ikkje prøver, sjølvsagt. Eg shoppar til eg segnar om, eg stappar i meg pinnekjøt og akevitt til flaska er tom, men eg klarer ikkje å gløyme julas eigentlege bodskap. Og la oss vere samde om ein ting: Dette Jesusbarnet har fått nok merksemd. Ærleg talt! Eg har laga Jesusbarn av papp, bomull, piperensarar, dorullkjerner, fyrstikker og kongler. Ja, kongler.

Eg har ingenting imot Jesusbarnet, for all del. Det blir berre litt mykje. Og dei som er interesserte i Jesusbarnet lid jo ingen naud, akkurat. Det kjem nye plater om han kvar einaste jul, og det blir halde konsertar og spel om han overalt. Alle artistar som har sett ein mikrofon reiser rundt og syng om han kvar jul. Nokre av dei prøver å gjere seg interessante ved å synge om slektningar av han i staden, men det blir det same.

DEI SOM HAR GLEDE

av slikt må gjerne få halde på, men då må vi andre få feire jula på vår måte og kjøpe presangar og gå ut saman med venner og kollegaer og ete julemat. Dette er trass alt mat som berre er å få tak i eit par månader i året, så vi må jo stå på medan sjansen er der.

For det er faktisk desse tinga som er jul for enkelte av oss. Ete god mat i lag med folk vi liker. Handle gåver til folk vi liker. Og no er vi lei av at folk trakkar på jula vår.

Eg kjenner svært få som hugsar ei rein jul då alle gjekk rundt og såg ned i bakken og tenkte utruleg hardt på Jesusbarnet, alle unntatt mor, sjølvsagt, for ho var ute på det opne havet i robåten for å hauste julemat. I ei slik tid må jula ha begynt ufatteleg tidleg. For då var det ikkje berre å stikke nedpå butikken og kjøpe julemat. Å, nei. Då måtte lutefisken lutast og rakørreten rakast og ribba ribbast og pinnekjøtet pinast, og når sonen på garden tok ein liten pause i all den stille ettertanken og kika inn til mor for å spørje om det var lenge til middag, så svarte mor: Nja, eit halvt års tid, trur eg.

Er det slik du vil ha det kanskje?

Neivel.