• Det er meiningslaust å setje søkelys på papegøyer og kjæledyr, når debatten handlar om pelsdyr og burhøns, meiner distriktsveterinær i Bergen, Per-Arne Ludvigsen.

Han understrekar at som forvaltar av lovverket må han til ei kvar tid halda seg til gjeldande lover og forskrifter:

— Men skal vi først diskutera burhøns- og pelsdyrproblematikk i framtida, går det ikkje an å setja kjæledyr opp mot produksjonsdyr. Debatten må kunne handla om begge delar samtidig. – Kva synest du om utspelet frå Sponheim? - Han må sjølvsagt få seia kva han vil. Men eg er freista til å seia at ein landbruksminister som sjølv er bonde, har lett for å tale bøndene, ikkje dyra, si sak. Her er det skort på habilitet. - Lever byhundar gode liv?

— Det er det umogleg å svara generelt på, bildet er ikkje svart-kvitt. Men ein hund i ein by kan ha det utmerka! Det kjem heilt an på eigaren, om han er flink til å gå lufteturar, om han veljer ein rase som ikkje treng like mykje mosjon som ein jakthund.

Ludvigsen helsar ein ny debatt om burhøns-og pelsdyrnæringa velkommen.

— At ei høne verper egg, betyr ikkje det same som at ho har det godt. Hvis vi hadde vist folk korleis burhøns har det, ville lysta på egg gått betrakteleg ned.