JAN STEDJE jan.stedje@bt.noI eit brev til Direktoratet for naturforvaltning (DN) skriv elveeigarlaget at dersom noko skjer ved genbanken vil "laksestamma i Lærdal vera borte for alltid". Bakgrunnen er at DN no går imot all kultivering av laks i elvar som er infiserte av parasitten gyrodactylus.Laksestamma i Lærdal, "dronninga" blant dei norske elvane, heng dermed bokstaveleg talt i ein tynn tråd. Den tråden er genbanken i Eidfjord i Hardanger. I brevet som Lærdal Elveeigarlag nyleg sende DN blir den dystre situasjonen omtalt på denne måten: "Vi ønskjer ikkje noko stor kultivering, men å ha ein havreserve av Lærdals-laks. Skulle noko skje på anlegget i Eidfjord, vil laksestammen i Lærdal vera borte for alltid". Det er tre års herjingar frå lakseparasitten som har fått DN til å setja foten ned for all kultivering av laks i elva. Laksestamma i Lærdal vil DN sikra i genbanken i Eidfjord. Elveeigarlaget er redd dette kan gå svært galt: "Vi trur ikkje dette er godt nok for å sikre det genetiske grunnlaget for Lærdals-laksen på ein tilfredsstillande måte, og heller ikkje sikre grunnlaget for å byggje opp att stammen av Lærdals-laks," skriv Lærdal Elveeigarlag.Med DN sitt vedtak om å stanse kultivering av laks i Lærdal, blir det ingen yngel og ingen utvandrande smolt. Elva blir heilt prisgitt at det "går bra ved genbanken i Eidfjord".