EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noStatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen kravde 2 1/2 års fengsel då saka mot dei to vart avslutta i Bergen byrett torsdag.— Konklusjonen er klar: Dette barnet vart mishandla. Det finst ingen alternative forklaringar, sa Stolt-Nielsen etter å ha gått igjennom dei store skadene som vart funne på den omkomne babyen.Han la vekt på at båe foreldra har forklart til politiet at den andre rista jenta hardt for å få henne til å slutte å skrike. Dei har også begge forklart seg om hardhendt behandling av barnet. Skjønte at ho var skadd Det aller mest alvorlege etter statsadvokatens syn var at jenta ikkje kom til lege, sjølv om foreldra skjønte at noko var gale.- Dei let vere å kontakte lege av frykt for kva konsekvensar det ville få at skadene vart oppdaga. Det tragiske er at mykje tyder på at jenta kunne overlevd dersom ho hadde fått hjelp, sa Stolt-Nielsen.Den for tidleg fødde babyen vart funnen død i senga si i april 1999. Rettsmedisinarane konkluderte med at jenta omkom av lungebetennelse - ein betennelse som vart utløyst av dei massive hjerneskadene ho var påført.Dei sakkunnige meiner ho må ha vore slått hardt i hovudet minst to gonger med ein hard gjenstand. I tillegg kjem ei rekkje brotskader rundt om på kroppen - blant anna var eine låret knekt.Statsadvokaten måtte vedgå at det ikkje er kjent korleis jenta fekk dei store hjerneskadene og korleis lårbeinet knakk. Og sjølv om det berre var foreldra som stelte jenta dei seks vekene ho var heime, kan ikkje båe dømmast for å ha gitt henne skadene.Likevel meiner statsadvokaten at det har kome fram nok om brutalitet mot barnet og manglande omsorg til å dømme dei to for mishandling med dødeleg utgang. Krav om frifinning Forsvararane Jostein Alvheim og Odd Drevland kravde at paret blir frifunne.- Skadene er påvist, der er vi stort sett samde med aktor. Men kven har gjort kva? spurde Alvheim.Drevland slo fast at retten må vite kven som har påført jenta skader før dei dømmer nokon av dei to. Dom i saka fell tidlegast om to veker.