— Ut frå dei meldingane vi har fått undervegs, er dette ikkje uventa. Likevel er det personlege tragediar for dei det gjeld, seier Veglo.

— Har NST framleis noko med dei å gjera?

— Nei. Desse personane er no heilt ute. Men vi driv framleis litt oppryddingsarbeid andsynes noverande leiing og styre i L&H etter at vi sa opp teknologiavtalen med dei, seier Veglo.

Jo Lernout kasta ut av NST-styret på Voss fordi det er vedtektsfesta at tiltak som kjem i konkurranse med L&H må vedtakast samrøystes.

Belgiarane hadde rett på styreplass i NST så lenge dei eigne meir enn 7,5 prosent av selskapet, men eigarandelen deira vart utvatna til 3,2 prosent ved at dei norske aksjonærane teikna nye aksjar på billegsal medan konkursverna L&H er handlingslamma.