ARNE HOFSETHarne.hofseth@bergens-tidende.no

– Vi kjem att, samstemte konsernssjef John Duerden og styreformann Roel Pieper på ein pressekonferanse i Brüssel måndag.

Men L&H vil legga fram ein rekneskap med dundrande underskot for år 2000. Tala blir raude også i 2001. Men deretter skal drifta vera lønsam, hevda dei.

– L&H skal bli eit slankare, sterkare og meir lønsamt selskap seier konsernsjefen.

No konkretiserer han talet på ca. 1200 oppseiingar til nøyaktig 1144. Kvar femte tilsett må gå. To divisjonar kan bli selde «med hud og hår». Det gjeld eit kundeservicesenter i byen Melbourne i USA, og oversettingsdivisjonen Mendez, medrekna 21 tilsette i Oslo. Divisjonen kan bli seld sjølv om omsetting er eitt av fire framtidige satsingsområde. L&H vil satsa mest på maskinomsetting og verdensspråka.

Selskapet har tilsette i 40 land. Flest blir oppsagt i USA, prosentvis flest i Asia. Korea-avdelinga blir avvikla og Singapore kraftig slanka.

Korvidt L&H skal selja aksjane sine i selskap som NST på Voss, der dei eig knapt 20 prosent, er framleis til vurdering.