• Namnet på ungen til Märtha og Ari? Det gjev eg vel blaffen i. Eg har nok problem med å finne på eit namn sjølv, seier høggravide Helena Kjepsø.

Helena Kjepsø har sju veker att til termin, men anar ikkje kva ungen skal heite.

— Eg har ikkje peiling. Hadde eg hatt eit fint familienamn å ta så... Men dei fleste er tatt. Vi er litt seint ute. Men det er viktig at det kling godt, og at det passar til etternamnet, seier Kjepsø.

— Men du er sjølvsagt engasjert i kva ungen til Märtha og Ari skal heite?

— Nei, det gjev eg vel blaffen i. Eg har nok problem med å finne eit namn sjølv, seier ho.

Når ho ein gong, om ikkje alt for lenge, må finne på eit namn til sitt eige barn vil ho prøve å unngå dei som ligg på toppen av statistikken.

— Det er mange fine namn som ligg på toppen av lista, men ...

— Dei blir valde vekk?

— Ja, dei gjer vel i stor grad det. Eg vil vel helst at det skal vere litt spesielt.

Heller ikkje Daniel Molde og Anja Ulviksbakken har funne på noko namn på barnet som er ventande om ein månad.

— Har ikkje tenkt på det. Ikkje i heile tatt, seier Molde.

Dei to lærdølingane er på helgetur i Bergen, men har ingen ambisjonar om å grave fram noko superoriginalt namn.

— Nei, det blir sikkert eit ganske vanleg namn, ikkje noko trendy, seier Ulviksbakken.