Gårsdagen var dei sakkunnige sin dag i Voss heradsrett. Det er deira vurderingar retten må bygga på i det springande punktet i saka: kan tiltalte straffast.

Held kvar på sitt Her spriker vurderingane. I løpet av saka har det kome fram nokre få moment som endrar biletet litt, men dei sakkunnige ýheld kvar på sitt. Berre eitt ord er retta i rapportar på rundt 50 sider kvar. Jan Ø. Berle og Terje Andersen, som først vart oppnemnde som sakkunnige, står fast på at mannen var medvitslaus under drapet. Dei fjerna ordet «svært» i ei setning i rapporten sin, og medgav at ein teori om atypisk rus var ein blindspor. Men konklusjonen er uendra. Dei er også opne for at mannen kan ha ein mindre hjerneskade. Forsvararen, advokat Jostein Alvheim, seier til Bergens Tidende at desse endringane ikkje går i hans disfavør. Alvheim har hevda at klienten må frifinnast, grunna medvitsløyse først og fremst som fylje av søvnløyse.

Kan straffast Berthold Grünfeld og Hans Jakob Stang, som seinare vart oppnemnde som sakkunnige fordi Den rettsmedisinske kommisjon underkjende den første rapporten, er om lag like sikre på at tiltalte ikkje var medvitslaus. Deira konklusjon er forbigåande sterkt nedsett medvit. Ut frå deira konklusjon kan mannen straffast for drapet. Alle sakkunnige gir likevel rom for tvil, og det er dei tre dommarane som må ta avgjerda. Grünfeldt gjekk grundig gjennom kva tiltalte seier han hugsar, samanlikna med kva som verkeleg hende, og finn hugsen selektiv. Berre på eitt unntak nær, har han gløymt moment som ikkje talar til hans fordel.

-Kan simulere gløyming Mellom anna hugsa han kvar han gøymde 150.000 kroner. Han ba politiet henta dei, så dei ikkje vart øydelagde av rotter. Men han hugsa ikkje at han vaska jakka med blod på, nokolunde samstundes. Grünfeld sa at ein ikkje må lukka augene for at tiltalte kan simulera gløyminga. Lensmannsfullmektig Lars Fykse gjorde i går greie for innsamla opplysningar om tidspunkt for bankuttak og telefonsamtalar på drapsdagen. Aktor, statsadvokat Randi Gabrielsen, gav ein forsmak på prosedyren då ho testa sin motiv-teori på ein av dei sakkunnge. Ho trur drapet skjedde fordi tiltalte innsåg at Kari Alvik slett ikkje hjelpte han med å finna kona hans, men tvert imot villeia han.