TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Fjordhestlaget varsla tidlegare i dag at utbrota av munn— og klauvsjuke kunne føre til at utstillinga vart avlyst. Leiaren i Nordfjord Fjordhestlag, Erhard Martin, sa til NRK Sogn og Fjordane at dei ville rådføre seg med veterinærstyremaktene.

Statens dyrehelsetilsyn meiner den store utstillinga kan gå som planlagt, med mindre faren for smitte ikkje vert større.

Den tradisjonsrike Statens hingsteutstilling på Nordfjordeid vert arrangert første helga i mai, og samlar mange tilreisande fjordhestentusiastar både frå inn- og utland.

Men sjølv om Eid-utstillinga ser ut til å å etter planen er mange andre arrangement der dyr og menneske møtest avlyste eller står i fare for å verte det. - Open gard- arrangement er eksempel på ein type tilskipingar som det er sett stopp for inntil vidare, opplyser Alf Støfring, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.