— Vi har ikkje funne grunnlag for å omgjere det opprinnelege vedtaket. Kriteriene for å tildele desse hjelpemidla er strenge. Sånn sett er dette ei klar sak, seier leiar for Hjelpemiddelsentralen (HMS) i Hordaland, Marit Skiple, til BT.

Ankesaka er no til behandling i Rikstrygdeverket (RTV).

— Hvis vi har gjort ein feil, eller vore for restriktive, blir vedtaket omgjort der. Då vil det få konsekvensar for vår framtidige praksis, seier Skiple.

— Det er ni månadar sidan søknaden frå Norunn Håland vart sendt. Enno er det ikkje kome ei avgjerd. Det er for lang tid?

– Ja, men vi har halde svarfristen på klagesaka. Frå årsskiftet 2003 får inga klagesak lov til å bli over seks månadar, ifølgje dei nye reglane, og det vil vi gjere alt vi kan for å etterkome, seier Skiple.

Kritikken frå fysioterapeut Hans Atle Svenheim finn Skiple det vanskeleg å kommentere.

— Eg vil gjerne få til ein dialog med Svenheim, men ikkje gjennom avisa. Vi drøftar kontinuerleg vår faglege praksis, for å sikre likeverdig og rett handsaming.

Kontorsjef ved hjelpemiddelkontoret i Rikstrygdeverket, Terje Sund, stadfestar at regelverket er strengt for tildeling av trykkavlastande madrass og løfte/kvilestol.

Han uttalar seg berre på generelt grunnlag, men opplyser at i utgangspunktet blir ikkje madrasser tildelt for regulær smertelindring, som i Håland sitt tilfelle. Unntaket er hvis pasienten har store kroniske bekkenløysingsplager.