Regionsjef Truls Hegrenæs går likevel ikkje så langt som å stempla dei nye supertoga som ueigna på Bergensbanen vinterstid.

— Men det er heilt klart at vi har fått store utfordringar, seier han til Bergens Tidende.

Jernbaneverket har årelang erfaring med å spa og dra laus tog frå snøen, vogn for vogn. Men Signaturtoget heng saman i togsett på fire vogner, og det viser seg at dei ikkje kan bruka rå makt. Draget (slepestag) og boltar gav etter for kjempekreftene i diesellokomotivet som kom til.

— Burde draget vore kraftigare dimensjonert?

— Det er eit spørsmål vi må få vurdert. Vi ynskjer oss større kraft, men det er betre at draget ryk, enn at vi får avsporing eller øydelegg togsettet. Signaturtoga kostar trass alt 90 millioner kroner kvar, minner Hegrenæs om.

— Gjer krengemekanismen, som stikk ut i snøen langs heile togsidene, spadejobben vanskelegare?

— Mindre vanskeleg enn vi hadde frykta.

— Er det aktuelt å legga om lina på Finse?

— Nei, den planen går det nok mange år før vi får pengar til å gjennomføra. Kostnadane blir for høge, fortel regionsjefen.

Høgfjellstrekninga på Bergensbanen er påkosta over tre kvart milliard kroner dei siste åra. Men strekninga forbi Finse stasjon står att. Planen går ut på å bygga ny godsbane i tunnel, men likevel bevara noverande trasé for tog som stoggar på Finse. I tilfelle som sist helg, ville trafikken kunne gått uhindra gjennom tunnelen sjølv om eit tog stod fast ved stasjonen.