EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noRederienes Landsforening hevda i gårsdagens BT at den nye redningsdrakta for passasjerar er livsfarleg. Dei har gått til frontal-angrep på Sjøfartsdirektoratets forslag om å innføre drakta på alle norske passasjerbåtar. — Tøys og tull - Det er ein horribel feil å påstå at drakta er farleg. Anten veit dei ikkje kva dei snakkar om, eller så har dei andre motiv for påstandane, seier Arvid Påsche, det norske medlemmet i den internasjonale komiteen for standardisering av redningsutstyr. Påsche har arbeidd i 25 år innan dette feltet, var forskingssjef ved SINTEF Unimed i Trondheim inntil i fjor, og driv i dag testing og utvikling av slikt utstyr som dagleg leiar i selskapet Thelma AS. Han har sjølv prøvd ut den nye passasjerdrakta i kombinasjon med den termiske redningsvesten som i år kjem på alle norske båtar. - At passasjerar risikerer å hamne med hovudet ned og dermed kan drukne, er berre tøys og tull. Det kan rett og slett ikkje skje, redningsvesten vil halde overkroppen oppe uansett, seier Påsche. - Økonomiske motiv? Reiarane hevdar også at redningsdrakta, brukt saman med den nye vesten, vil miste den isolerande effekten. - Heilt feil. Det er lufta i sjølve kleslaget som isolerer. Lufta inne i sjølve drakta vil forsvinne ut, seier Påsche. Han er oppgitt over at reiarane sår tvil om redningsutstyret på denne måten. - Den termiske vesten som no kjem er eit steg på vegen, men ikkje nok. Å få passasjerdrakt i tillegg vil vere ytterlegare eit steg i rett retning, seier Påsche.Han minner om at også Sleipnerkommisjonen gjekk inn for denne løysinga.- Eg veit ikkje kvifor reiarane kjem med slike tøvete påstandar. Men eg merkar meg at dei elles i brevet dei har sendt er svært opptatt av kostnader, seier Påsche. Trøysta for reiarane i så måte får vere at avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig i Sjøfartsdirektoratet i går sa til NTB at det ikkje er umiddelbare planar om å innføre krav om passasjerdrakter.