• Arve vart veldig redd etter at han vart overfallen i Førde. Men han var fast bestemt på å gå til politiet. Han sa: Gjer eg ikkje noko no, får eg aldri fred.

TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Lars Magnus Karlsen, far til Arve, fortalde i Indre Sogn heradsrett i dag at det var særleg etter hendinga i Førde at den indisk-fødde adoptivsonen kom til å føle frykt. Det var vinteren 1999 at Arve vart slått ned i Førde då han var på besøk hos ein kamerat. Fleire personar er dømde for det brutale overfallet, mellom dei er bror til hovudtiltalte.

— Ba oss komme - Arve ringde og fortalde om det som hadde hendt. Han ba oss komme opp. Det gjorde vi. Medan Arve før hadde vegra seg for å snakke om trakasseringa han var utsett for, var han då fast bestemt på å melde det som hadde skjedd. Han forklarte seg på lensmannskontoret i Førde, fortalde faren i retten.

Det var i dette avhøyret Arve fortalde namnet på fleire ungdommar frå Naustdal som skal ha stått bak mobbinga. Mellom dei er begge dei to ungdommane som no sit på tiltalebenken under rettsaka i Sogndal.

- Arve vart redd - Kan du seie noko om korleis Arve vart etter denne hendinga?, spurde aktor Jan Hoel.

— Han vart veldig redd. Samstundes var han veldig bevisst på at han skulle gå kvar han ville. Ein gong han skulle på fest sa Arve: Denne helga er det ikkje farleg for NN (hovudtiltalte) er ikkje her.

Bistandsadvokat Gunnar Solbraa ba Lars Magnus Karlsen forklare seg om telefonsamtalene med mor til hovudtiltalte. Ho vitna under rettsaka i går, og fortalde då at ho hadde teke kontakt med Kari Beheim Karlsen for å få til eit møte mellom mødrene og ungdommane.

- Mobba meg ut av skulen - Så vidt eg hugsar var det to telefonsamtaler. Under den andre samtalen var det snakk om eit møte i forliksrådet. Arve sa bestemt nei til dette.

Gunnar Solbraa: - Så det var Arve som ikkje ville?

Lars Magnus Karlsen: - Ja. Han sa: Først mobba dei meg ut av skulen i Førde. Så slo dei meg ned. No vil dei vi skal møtast for å verte einige. Det vil eg ikkje vere med på.

Gunnar Solbraa: - Det har også vorte fortalt i retten at Arve har sagt han skulle drepe hovudtiltalte. Hugsar du det?

Lars Magnus Karlsen: - Arve sa han kan ha sagt det. Så sa han: Men kva sa han (hovudtiltalte) først?