• Sogn og Fjordane er i ferd med å "smuldre opp", alt lenge før det er avgjort kva som skal skje med fylkesinndelinga i landet.

TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noDet hevdar ordførarane i ti kommunar i Sunnfjord og Sogn. I ei felles fråsegn kjem dei fremste folkevalde i Flora, Naustdal, Førde, Jølster, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund og Høyanger med klare negative signal til framlegget til organisering av domstolar og politi.Ordførarane legg ikkje skjul på at dei er sterkt kritiske til at regjeringa i framlegget legg opp til at "ytterkantane i fylket vert del ut til naboane i nord og sør". — At Sogn og Fjordane fylke ser ut til å "smuldre" opp alt før regionalmeldinga vert lagt fram, uroar oss, heiter dei i brevet som er gått til departementa som har ansvaret for desse sakene.I stortingsmeldinga vil regjeringa avvikle to av dei fire heradsrettane i Sogn og Fjordane. Dei to som skal leggast ned er sorenskrivarkontora på Nordfjordeid og i Høyanger.

Av områda som før låg under Nordfjord-domstolen skal Selje, Vågsøy og Eid overførast til Sunnmøre, resten går til Førde. I Høyanger-området er planen å overføre Gulen til Bergen. I tillegg ønskjer regjeringa å slå saman dei to politikammera i fylket, og la politimeisteren ha sete i Sogndal.- Vi ser at ei effektivisering og omorganisering av statleg sektor kan vere nødvendig. Derimot er vi sterkt uroa over at det nok ein gong er distrikta som skal betale for effektiviseringa med tapte arbeidsplassar og tapt kompetanse. Vi saknar konkrete framlegg som går på rasjonalisering av sentrale statlege arbeidsoppgåver, både det som går på drifta og spørsmål om kva arbeidsoppgåver som med fordel kan flyttast ut, skriv dei ti ordførarane.