— Vi ser på evalueringar som eit gode. Men først fem minutt før evalueringsmøtet skulle ta til, fekk vi vite at Hordaland ikkje lenger ønskte å nytte oss. Dette hadde vi ikkje fått førebu oss på. Vi opplevde gjennomføringa som lite profesjonell, seier dagleg leiar Dag Skådinn.

— Men de hadde fått hard kritikk frå fylkesmannen i Telemark etter to tilsynsbesøk?

— Ein del av kritikken er vi dundrande usamde i. Blant anna vart vi tvinga til å seie opp erfarne lærarar, fordi fylkesmannen ikkje rekna lærarar som fagfolk. I staden måtte vi hente inn nyutdanna barnevernspedagogar. Vi tykkjer dette er både feil og trist, men måtte bøye oss, seier Skådinn. Han er heller ikkje samd i at institusjonen ikkje har eit godkjent skuletilbod.

— Eg begrip ikkje korleis fylkesmannen kunne seie det. Vi driv eigen skule på staden, i samarbeid med den lokale skulen, seier Skådinn.

— Kva med alle dei andre kritiske punkta?

— Vi har tatt kritikken alvorleg, og har i løpet av hausten fått til ei felles forståing med fylkesmannen om det arbeidet vi driv. Vi har i dag eit godt samarbeid med han, seier Skådinn.

Dei høge prisane forklarer Skådinn med at selskapet driv i grenselandet mellom barnevern og psykiatri.

— Alle dei tre ungdommane vi i dag har på Breiset kjem frå psykiatrien, og var gitt opp av offentlege institusjonar. Denne typen ungdommar er kostbare, fordi dei krev ein heilt annan innsats enn vanlege barnevernsbarn. Men vi har tatt kritikken mot prisane våre alvorleg, og gjennomført ein grundig systemrevisjon i haust. Prisane er etter dette redusert med 15 prosent, seier Skådinn.