• Eg veit ikkje kvar eg skal bu i neste veke, seier «Anne», ein av ungdommane Kuba AS har hatt omsorgen for på vegner av barnevernet.

Ho er 18 gammal, og kom inn i Kuba-systemet i fjor vinter. Ho hadde den gongen problem med rusmisbruk, og vart tatt hand om av barnevernet.

— Det er ikkje gøy. Framtida er så usikker. Eg burde i alle fall få vite litt om kva som skal skje, seier 18-åringen. Ho fekk meldinga om at Kuba AS hadde gått i oppløysing i romjula. At det har vore bråk i selskapet lenge, har ho merka godt.

— Eg har hatt fire ulike kontaktpersonar sidan februar i fjor. I starten funka tiltaket fint, men etter kvart sklei alt ut, seier 18-åringen, som seier at ho heller ikkje har sett stort til familien ho bur hos dei siste månadane.

— Alle har vore veldig stressa. Eg kjenner meg som ein vare som Kuba AS brukar for å skaffe seg pengar, seier 18-åringen.