— Oppriktig talt. Det er ikkje vegen det er noko gale med, men folk! Det er dei som lagar ulykkene. Dei skal forbi, forbi, forbi, meiner Alfred Løtveit.

80-åringen i Gaupåsvegen er nærmaste nabo til det kjende ulykkeskrysset ved Gaupås på E 16. Rett som det er blir det kork utanfor huset hans.

— Då veit me med ein gong at det har skjedd ei ny ulykke, fortel Løtveit til BT.

— Ein lurar alltid på om det er nokon kjende denne gongen, seier sambygdingen Jan-Ove Titlestad (30).

- Ein soveveg

Denne helga er dei nye fartsskilta på strekninga E 16 Vågsbotn til Bjørkhaugtunnelen dekte med svart plast. Måndag blir dei avduka, og då står det 70 istadenfor på dei raude og kvite skilta. Men ingen av dei BT snakka med i går ettermiddag, verken fastbuande i området eller forbikøyrande, trur det er nokon vits i å redusera farten på trafikkfarlege strekningar som E 16.

— Det blir ein soveveg. Trøytte og slitne folk på veg heim kjem til å sovna ved rattet, trur glasmeister Magnar Olsen, som køyrer over Vågsbotn kvar dag:

— At det er større sjanse for å overleva med lågare fart, dersom det skjer ei ulykke, er eit godt argument. Men stygg køyring blir det uansett.

- Ingen held fartsgrensa

Endå fleire stygge forbikøyringar er det folk fryktar mest når fartsgrensene blir reduserte.

— Eg cruisar i 90 for å halda flyten i trafikken. Køyrer eg i 80, blir eg forbikøyrt. Det er ikkje éin person som held fartsgrensene, hevdar Johan Laukeland, då BT møter han på Esso-stasjonen i Åsane:

— Den einaste måten å hindra forbikøyringar på er å sperra vegbana fysisk.

Kompisen Knut Rambjørg meiner at det ikkje er gjennomsnittssjåføren som skal ha skulda for stygge forbikøyringar.

— Det er utbrytarane, dei som ikkje finn seg til rette i køen. Men det er ikkje mykje tid å spara på å køyra forbi to bilar. Iallfall ikkje hvis det smell.

RISTAR PÅ HOVUDA: – Det hjelper ikkje å redusera fartsgrensa, det blir stygge forbikøyringar uansett, trur Leif Arvid Mjånes (t.v.). Verken han eller venen Johan Laukeland trur det er vits i å senka fartsgrensa frå 80 til 70 på E 16 over Vågsbotn.
FOTO: KNUT EGIL WANG