• Den hovudtiltalte i Arve Beheim Karlsen-saka sa han var rasist.

TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Dette fortalde ein medelev ved Luster vidaregåande skule i sitt vitneprov for Indre Sogn Heradsrett onsdag. Vitnet gjekk i same klasse som hovudtiltalte skuleåret 1998/1999. Dei var dei to einaste elevane som hadde samfunnslære i klassen, og mellom tema dei hadde desse timane var rasisme.

— Rasist - Hovudtiltalte sa at innvandrarar kjem til landet og krev alt. Eg ba han tenkje seg til motsette situasjon, at vi skulle flytte til eit anna land med framand kultur og språk. Då sa han at det ikkje gjekk an å førestille seg, det hadde ikkje noko med saka å gjere, forklarte vitnet før ho heldt fram:

— Han sa sjølv at han var rasist.

Aktor: - Sa han det?

Vitnet: - Ja, eg oppfatta det slik.

Vitnet kunne derimot ikkje i rettsalen hugse at hovudtiltalte hadde komme med rasistiske bemerkningar til Arve, sjølv om ho har fortalt om dette i politi-avhøyr. Derimot sa ho at "Alle visste at hovudtiltalte ikkje likte Arve".

Aktor: - Var det vanleg kjent på Hafslo?

Vitnet: - Ja.

Aktor: - I politiavhøyr har du sagt at dette var på grunn av hudfargen?

Vitnet: - Ja, det var fordi eg kopla med det hovudtiltalte hadde sagt om at han var rasist.

Kjekk og grei Forsvarar Tor Erling Staff ville vite korleis vitnet oppfatta hovudtiltalte.

— Han var kjekk og grei. Det var han som laga liv i klassen. Men når han hadde drukke fekk eg respekt for han. Då visste eg ikkje kvar eg hadde han. . Les også: - Om Arve slutta var problemet vekke - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred - Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jagaVille skvære opp med Arves morHovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdingerMerka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren - Tiltalte ropte "drep han" Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke"Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten