— Slik transport kan gjere enorm skade på kysten vår. Berre fantasien set grenser for kva som kan skje. Desto viktigare er det at det internasjonale presset mot Storbritannia no aukar.

SV-ros til Høgre-statsråd

På Nordsjø-konferansen i Bergen i mars vil Bondevik-regjeringa kjempe for å stanse dei britiske planane om atomtransport langs norskekysten, skreiv BT igår. Det provoserer regjeringa at britiske styresmakter avfeier norsk frykt for miljøkatastrofer.

— Det er veldig bra at regjeringa tek tak i denne saka. Børge Brendes innsats som miljøvernminister er den mest positive overraskinga i norsk politikk dei siste tida, skryt SV-leiaren.

Også styreleiar i Norske Fiskeoppdretteres Forening, Tarald Sivertsen, meiner at det no må øvast sterkt press mot britane.

— Skal engelskmennene overhovudet vera truverdige i miljøspørsmål i framtida, må dei stoppe desse planane. Mitt håp er at EU-landa og Norge skal klare å presse dei i kne.

Skuffa over britiske oppdrettarar

Å stoppe planane om atomtransport langs norskekysten er etter Sivertsens syn ei av dei viktigaste miljøsakene i framtida. Derfor er han overraska over at opinionen i Storbritannia ikkje utøver større press på regjeringa. Han er også skuffa over britiske kolleger.

— Oppdrettarane i England er utruleg defensive. Men vi har tatt denne saka opp som nasjon i den europeiske oppdrettsuninoen, og fått full støtte for vårt syn, fortel han.

Også Sivertsen roser miljøminister Børge Brende og Bondevik-regjeringa for å leggje stor politisk prestisje i å stoppe atomtransporten.

— Eg er imponert over kor skikkeleg regjeringa har tatt tak i saka, og forbausa over at det måtte ei Høgre-regjering til før noko skjedde, seier han.