BeheimKarlsen-saka

PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Det meiner bistandsadvokat Gunnar Solbraa, som i går føremiddag skriftleg bad domstolen om å køyre saka som planlagt neste tysdag. Men sorenskrivar Steinar Velle i Sogndal var under sterkt press, og avgjorde i går ettermiddag at Beheim Karlsen-rettssaka skal utsetjast til 21. mai. Ekstra påkjenning Heilt sidan tiltalane mot dei to ungdommane var klare i fjor, har dei pårørande etter Arve sett fram til tysdag den 13. mars. For då skulle endeleg det rettslege oppgjeret med dei involverte ta til. No vil det gå ytterlegare månader før saka blir belyst i ein rettssal.— Dette er ei stor ekstra påkjenning for Kari Beheim Karlsen og resten av familien, seier Solbraa til Bergens Tidende. - Eg bad om at saka ikkje måtte utsetjast den gongen forsvararen krevde saka flytta til ein annan domstol. Eg gjorde det same no når Staff krevde at saka måtte utsetjast, og eg gjentok dette i brev til domstolen mandag føremiddag. Fekk det som han ville Men det var forsvarsadvokat Tor Erling Staff som fekk det slik han ville. Saka skulle opphaveleg ha starta tysdag i neste veke. Men etter at tiltalen nyleg vart utvida til å omfatte rasisme, vart det klart at rettsforhandlingane ville ta lengre tid enn dei fire opphavelege dagane. Dermed kom saka i konflikt med ei sak Staff skal føre for Borgarting lagmannsrett i veke 12.Sorenskrivar Steinar Velle, som skal dømme i Beheim Karlsen-saka, nekta først å etterkomme kravet om utsetjing. Han bad i staden den tiltalte om å finne seg ein annan forsvarar enn Staff.Staff svarte mandag morgon med ein påstand om at Velle er inhabil som dommar i saka. Habilitetsklage Mandag ettermiddag sendte Velle ut ei melding der han gjer det klart at saka likevel blir utsett, slik at Staff får høve til å følgje forhandlingane. - Vi har no funne eit tidsrom for saka som passar for alle partar, seier sorenskrivar Steinar Velle, som har sett av to veker til forhandlingane. Velle har ikkje tatt stilling til den habilitetsinnsigelsen som Tor Erling Staff har reist mot han som dommar i saka.- Når saka no er utsett i to og ein halv månad, er det ikkje noko bråhast med å avklare dette sprøsmålet, seier Velle.Står sorenskrivaren fast på at han er habil som dommar, kan dette spørsmålet gå til avgjerd i Gulating lagmannsrett.