— Den dommen var heilt feilaktig. Eg har ingenting å skjule, seier 40-åringen.

Då han vart dømt i byretten, vart straffa sett til eitt og eit halvt års fengsel for utuktig omgang med barn under 14 år som han hadde omsorgsansvar for. Sjølv nekta han for å ha gjort noko straffbart, og anka til lagmannsretten.

Lagmannsretten fann mannen skuldig også i å ha hatt samleie med jenta, slik han hadde vedgått i ei politiforklaring som seinare vart trekt attende. Dei skjerpa straffa til to og eit halvt års fengsel.

— Eg har prøvd å få saka gjenopptatt, men det har gått dårleg, seier bergensaren.

Han nektar også for å ha voldtatt den 30 år gamle kvinna i fjor haust.

— Det er nokon som er ute etter å ta meg. Eg reknar også med at det er difor dette hamnar i avisa no, seier 40-åringen.

— Forstår du at folk reagerer når dei får høyre at ein mangeårig leirsjef er sex-dømt?

— Ja, det har eg full forståing for. Men eg har altså ikkje gjort noko gale, seier 40-åringen.