• At ungdomsskular avlyser framsyningar er dumt og barnsleg. Like dumt og barnsleg som at teateret gjev meg skulda.

Johs B. Thues omtale av sex-scenene i "Gjest Baardsen døyr åleine ved Nilsens breidd" vert brukt som hovudforklaring på at fleire skular i Sogn no har trekt seg frå skuleframsyningar. Onani gjennom verda — Vi inviterer alle skulefolk som er i tvil til å sjå stykket, og ikkje berre legge einsidig vekt på spissformuleringane til Johs B. Thue, skriv informasjonssjefen ved teateret i ei pressemelding.Thue anmeldte premieren i Sogndal for Sogn Avis, og la ikkje fingrane i mellom: "Samleieliknande rørsler blir ein raud tråd gjennom heile stykket, skodespelarane onanerer seg gjennom tre verdsdelar" og "Alle klør seg nemleg ustanseleg i skrittet - til og med den aldrande sogndalslensmannen gjer det", var nokre av karakteristikkane i omtalen. - Eg vil ikkje vere nokon moralens vaktar, det er ei rolle som ikkje kler meg. Eg brukte vanleg kritikarverktøy på framsyninga, og reagerte på bruken av billege sceniske effektar for å få fram det seksuelle aspektet. I ettertid registrerer eg at anmeldarane i Bergens Tidende og Dagbladet skreiv omtrent det same, men med litt andre ord. - Sjå stykket! Sjølv om Thue er kritisk til det han kallar billege erotiske scener i oppsetjinga, oppfordrar han alle skular til å sjå stykket. - Det kan danne utgangspunkt for svært spennande undervisning, meiner Thue som i ei mangslungen fortid også har stått bak kateteret.Han er ikkje i tvil om at elevane har sett langt verre ting enn det Sogn og Fjordane Teater presenterer.Thue har ingen sans for at teateret meiner hans omtale og eit oppslag i Firda er årsaka til at skular no trekkjer seg. - Teateret må akseptere at vanleg kritikarverktøy vert brukt på prestasjonane deira. For første gong har vi no fått eit teaterfagleg debatt, og det bør Sogn og Fjordane Teater sjå nytten av. Det har vore nok ukritisk hallelujastemning rundt teateret.