PER MARIFJÆREN

Dermed har to vitne i dag forklart seg om tilropa dei to tiltalte kom med under jakta på Arve Beheim Karlsen. Kameraten som var saman med Arve har fortalt at hovudtiltalte ropte "drep han", og seinare på dagen forklarte ein annan kamerat seg om dette.

Dette vitnet, som kjende Arve frå lokalmiljøet i Hafslo, sat i rundkøyringa då Arve og forfølgjarane kom springande mot dei over gangbrua. Han såg dei tiltalte forfølgje Arve ned under brua.

Vitnet og ein kamerat sprang ned etter Arve og dei to tiltalte, men såg ingen under brua. Dei tiltalte møtte han på andre sidan av brua, på veg opp mot rundkøyringa.

Slik forklarte vitnet seg under utspørjinga i retten i dag. Aktor Jan Hoel tok utgangspunkt i situasjonen då vitnet sat i rundkøyrnga og såg Arve komme springande over brua.

Hoel: — Skjedde det noe spesielt?

Vitnet: - Ja, Arve kom springande. Eg såg han idet han sprang på vegen ned under brua, deretter kom NN (hovudtiltalte) og tiltalte nummer to. Eg kjente ikkje nummer to den gangen.

— Kor langt var NN bak Arve da du såg han?

— Det er eg usikker på. Kanskje sju til ti meter. Dei to tiltalte sprang nesten sammen.

— Reagerte du på dette?

— Ja eg skjønte kva som var i gjære.

— Kva var det?

— At NN var etter Arve. Dei hadde vore i klammeri før.

— Kva gjorde du deretter?

— Eg sprang etter dei.

— Kvifor?

— Eg visste at det var bråk på gang.

— Ville du verne Arve?

— Ja.

— Hørte du nokon sa noko?

— Eg høyrte dei sa 'drep han' og 'drep den lille negeren'.

— Kven sa dette?

— Eg meiner det var tiltalte nummer to.

(Hoel opplyser at dette sa vitnet også i politiavhøyr to dagar etter Arve forsvann)

— Trur du Arve har høyrt kva dei ropte?

— Veit eg ikkje.

(I politiavhøyret sa vitnet at det ikkje er tvil om at Arve høyrde ropet)

— Kva gjorde kameraten din?

— Vi reiste oss begge og sprang, møtte Kim Vidar (kameraten som var saman med Arve denne kvelden, red.merkn). Så sprang vi under brua, og vi såg ingen der. Eg såg vel ikkje så godt etter, heller. Eg møtte NN (hovudtiltalte) på andre sida av brua. Han kom gåande herfrå (peikar på kart, langs ein gangveg nedover langs elva)

Sorenskrivar Velle: - Betyr dette at NN kan ha vore på ein lenger løpetur nedover?

— Eg veit ikkje. Han liksom berre var der, saman med den andre tiltalte.

Velle: - Det var mørkt og dårleg opplyst under brua. Kan det ha vore folk under brua når du var der?

— Det kan det ha vore. Eg stoppa litt under brua for å setje frå meg gitaren eg bar på, eg var der berre eit par sekundar kanskje.

— Høyrte du noko under brua?

— Ja, lyden frå elva.

— Såg du etter Arve?

— Ja. Så traff vi dei to tiltalte.

(I politiforklaring har vitnet skildra tiltalte nummer to som ”svært opphissa”)

— Kvar var det?

— I rundkøyringa. Også NN (hovudtiltalte) vart rabiat, han sparka til eit par bilar som kom forbi.

— Tiltalte nummer to, kvar vart det av han?

— Han var der vel ei stund, trur eg.

— Du sa i politiforklaringa at tiltalte nummer to forsvann ved rundkøyringa. Såg du han seinare på kvelden?

— Nei. Vi stod der berre og lurte på kvar Arve vart blitt av, og vi ropte eit par gonger etter han. Men vi såg han ikkje igjen, sa vitnet, som var ein av Arve Beheim Karlsen sine kameratar.

LES OGSÅ: - Tiltalte skalla meg ned Forklarte om rasistisk mobbingMerka ingenting på tiltalt- Tiltalte ropte «drep han»