• Direktøren ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane er i lomma på legane, seier fylkesleiar Oddgeir Lunde i Sjukepleiarforbundet.

Grunnen til det kraftige utspelet er at legane fekk alle toppjobbane då sjukehuset frå nyttår avvikla det gamle systemet med avdelingsoverlege og oversjukepleiar på kvar avdeling. No er det innført eineleiarsystem. Sjukepleiarane reagerer kraftig på tilsetjingsprosessen.

— Her har det ikkje handla om å få rett person på rett plass. Sjukehusdirektør Oddbjørn Schei har bøygd seg for press frå legane. Vi er tilbake til 50- og 60-talet, då legane hadde all makt, seier Lunde til Firda.Schei på si side tilbakeviser alle påstandar om at han let seg styre av legane.