• Han som skaut var ein stille og hyggeleg gut. Dette er heilt forferdeleg, seier Ingrid Heiberg-Ottesen, næraste grannen til drapsoffera.

Ho skulle til å leggje seg då tre skotsalver braut kveldsstilla i Laurudvegen ein snau kilometer frå jernbanestasjonen på Geilo.

— Eg gjekk ut på trappa, men snudde inn att då den tredje salva kom, seier Heiberg-Ottesen. Ho høyrde kvar skota kom frå, men kunne ikkje sjå noko uvanleg.

— Lysa stod på i huset, men eg såg ingen som rørte seg der inne. Akkurat det var ekkelt, seier Heiberg-Ottesen.

Lensmann ringde

Få minutt seinare ringde konstituert lensmann Petter Braaten. Han bur berre 300 meter unna drapsstaden, og stod og pussa tennene då han sjølv høyrde skota.

— Han lurte på om eg også hadde høyrd det. Han bad meg sløkke lyset og vere forsiktig, seier Heiberg-Ottesen. Hushjørnet hennar ligg heilt opp i politisperringane, som skal gi dei kvitkledde Kripos-teknikane arbeidsro. Uniformerte politifolk og eit titals journalistar og fotografar trakkar att og fram i vegen utanfor.

— Det er uhyggeleg, seier Heiberg-Ottesen. Ho kjende familien i huset godt, og snakka med Erling Tufto berre nokre timar før han vart drepen.

— Han var ute og gjekk tur med barnebarnet. Dei var så gode vennar. Dei var trivelege folk alle saman, og det var vanleg at ungdom samla seg der om kveldane. Det kunne vere litt festing, men det var aldri noko problem, seier grannekona.

Erling Tufto var vaktmeister på Dr. Holms Hotel, og skulle snart pensjonere seg.

— Det gledde han seg veldig til. Han håpa å kunne flytte til eit varmare land då. Kona hans var frå Brasil, seier Heiberg-Ottesen.

Foreldra fekk hjelp

Hol kommune sette i verk eit større kriseapparat då omfanget av tragedien gjekk opp for dei.

Fleire lag med prestar, legar og anna helsepersonell vart kalla ut, og eit 30-tals personar fekk hjelp på ulike hotell på Geilo utover laurdagsnatta og gårsdagen.

Mellom dei var foreldra til gjerningsmannen, som var utanbygds då sonen gjekk amok. Også dei overlevande i huset og slekt og vennar av dei drepne fekk hjelp.

I går kveld var det ope hus for ungdom på Røde Kors-huset på Geilo.

— Dette er ein ufatteleg tragedie. Geilo er eit lite samfunn der alle kjenner alle, seier helse- og sosialsjef Bjørn-Arild Herfindal, som leia krisearbeidet i går.

HYGGELEGE GRANNAR: – Eg snakka med Erling Tufto berre nokre timar før. Han var ute og gjekk tur med barnebarnet. Dei var så gode vennar, seier Ingrid Heiberg-Ottesen, næraste granne til drapsofra.
FOTO: JAN M. LILLEBØ