Leiaren i Norges Naturvernforbund viser til at tømmerprisane går nedover. Samstundes reknar alle med at energiprisane går oppover.

— Og Vestlandet gror til av skog som kan nyttast til biobrensel i form av flis, pellets eller vanleg ved. Det meste av dette er gran, seier Erik Solheim.

Det siste er det inga usemje om.

— Tilveksten pr. år berre i Hordaland nærmar seg 1 million kubikkmeter. Grovt rekna er halvparten av dette gran. Resten fordelar seg nokolunde likt på furu og lauvskog. Men i åra som kjem, vil tilveksten av gran auke fortare enn for dei andre treslaga, seier Jørgen Frønsdal på landbruksavdelinga til fylkesmannen i Hordaland til BT.

Og med tilvekst meiner vi samla auke i kubikkmeter, etter at vi har trekt frå det som er teke ut av skogen.

God kvalitet om nokre år

— Dette handlar også om å satsa på framtida - når olja ein gong tek slutt. Det vi legg ned av arbeid på å kultivera granskogen og byggja skogsvegar, kjem framtidige generasjonar til gode, seier Paul Særvold, som eig 1500 mål granskog på Bontveit søraust i Bergen kommune. På garden har han elles nokre ungdyr. Den faste og jamnaste inntekta får han som bussjåfør hjå Gaia Trafikk.

— Gran som er 70 år gammal kan gje som mykje som 60 kubikkmeter pr. dekar. For det kan du byggja eit hus. Du treng 20 dekar for å få like mykje furu.

Erik Solheim presiserar at han ikkemeiner vi skal ta gran av god tømmerkvalitet til brensel. Tømmer og biobrensel treng ikkje konkurrera med kvarandre. Vi har nok av både det eine og det andre i vestlandsskogane. Men gran som går til slip bør ein heller nytta til biobrensel. Men bøar og beite gror att fordi lønsemda og sysselsettinga i det tradisjonelle jordbruket går ned. Det meste av dette er lett tilgjengeleg og kan hentast ut utan å byggja skogsvegar. Skal det likevel byggjast skogsvegar, bør det først og fremst vera inn mot granfelt, seier Erik Solheim.

Billegare oppvarming

— På Vestlandet har vi snakka om biobrenselsanlegg i mange år utan å koma stort vidare. Korleis meiner du biobrensel kan verta noko å satsa på for skogeigarane?

— Dette er ein teknikk som kan nyttast både for store og små varmeanlegg. Ute på bygdene kan einskildpersonar eller lag slå seg saman og gjera avtalar med kommunen for oppvarming av skular, eldresenter, d hotell eller forretningsbygg. På denne måten kan t.d. kommunane spare pengar på billegare oppvarming. Eg trur det økonomiske grunnlaget for dette berre vil veksa. Og ressursane har vi i overflod. Det som trengst utanom er gode idear og evne til å realisera dei. Då kan grana på Vestlandet skifta frå å vera eit problem til å verta eit gode, seier Erik Solheim.

<b>SKOGEIERE:</b> Ola Bontveit, t.h., har sin granskog ståande i bortimot 400 meters høgd. Paul Særvold har granskog som er noko yngre, og som enno treng 10 til 20 år før kvaliteten er på topp.
Jan M. Lillebø