Dagen etter det første snøfallet er den travlaste i året for bilmekanikarar. Iallfall dei i Bergen.

— Bergensarane lærer aldri! Det er same leksa kvart år, seier Knut Amundsen oppgitt bak skranken hos Dekkmann i Kanalveien.

Nitti prosent vel piggfritt

Det er folk, dekk og røre overalt, og tempoet høgt både bak skranken og ute på verkstaden. Klokka elleve same føremiddag stod sytti bilar i kø for å skifta dekk, klokka tolv må dei seia stopp. Fem timar seinare er køen like lang, og mekanikarane for lengst ute av teljing.

— Eg har ikkje peiling på kor mange dekk eg har skifta, men det er blitt ein del, seier Ole Sundsrud, som så vidt har tid til å gløtta opp frå endå eit piggfritt dekk.

— Nitti prosent skal ha piggfritt, det er den veien det går. Men spør du meg, er piggar det beste på is. Det seier eg, sjølv om eg har køyrt piggfritt i tjue år, fortel Amundsen til BT.

- Aldri meir!

Henry Andreassen frå Askøy har endeleg rykka heilt framst i køen. Han kom klokka halv ti i dag tidleg, men først klokka sytten er det blitt hans tur.

— Dette hadde eg aldri drøymt om, og eg har sagt til meg sjølv i dag: Aldri meir! Men eg ventar alltid til siste dag med å legga om. Det er vel det at ein har lyst til å køyra med sommardekk så lenge som råd, og kanskje kjem ikkje vinteren i det heile tatt.

Men det gjorde den altså i år også, og i vinter køyrer Henry piggfrit for første gong i sitt liv.

— Eg er litt spent. Folk skryt så voldsomt over piggfrie dekk, og så er det jo ok å køyra litt meir miljøvennleg.

KØKULTUR: I over fem timar har Henry Andreassen venta for å få splitter nye piggfrie dekk på bilen sin. Mekanikar Ole Sundsrud har for lengst mista oversikt over kor mange dekk han har skifta.
FOTO: JAN M. LILLEBØ