Hunden Spik (10) bur midt i by'n, femti trappetrinn over asfalten. Det er føremiddag, og den svarthåra bebuaren i 4. etasje i Rosenbergsgaten har for lengst fått sin daglege morgontur. Stort sett får han tre gode lufteturar kvar dag.

— Det er ein del hundetreff i parkane i Bergen, der dyra kan springa og leika med kvarandre. Fordi det er så mange parkar her og byen ligg så nær fjella, er Bergen ideell for hundehald, meiner eigaren til Spik, Camilla Andersson (26).

Ho synest landbruksminister Lars Sponheim skyt bom, når han vil skifta fokus frå pelsdyrnæring og burhøns til hundehald i byane og papegøyer i bur.

— Det er mange kritikkverdige forhold når det gjeld hundehald. Men hunden er eit flokkdyr, som kan trivast godt i menneskefamiliar. Så lenge han får gå tur, har selskap og får vera ein del i lag med andre hundar, er det irrelevant kor han bur, meiner Andersson:

— Ein god eigar kan gje hunden sin eit godt liv i byen. Men ein dårleg eigar kan ikkje tilby hunden eit godt liv, verken i byen eller på landet.

Andersson har i fleire år vore aktiv i dyrerettsorganisasjonen NOAH, og.meiner det er feil å setja svake grupper som husdyr og kjæledyr opp mot kvarandre.

— Sjølv om nokre hundar ikkje har det godt, betyr ikkje det at ein ikkje skal ta tak i situasjonen for dyra i landbruket. Dei fleste som har hund, har eit ønske å gje hunden eit godt liv. Men i landbruket er det profittomsyn som tel: Flest mogleg dyr på minst mogleg plass.

BYHUND: Hunden Spik har asfalt under potane kvar dag, men matmor Camilla Andersson trur ikkje han tek skade av det. Tvert om. Brage (1) og Spik er ofte ute på tur saman.
FOTO: JAN M. LILLEBØ