— Då eg fekk symjeopplæring i skulen på 50-talet, brukte vi også badehetter. Gymtøy og vanleg klesbunad har elevane alltid stilt med sjølve. Å seie at symjeundervisinga må stoppast på grunn av manglande badehetter høyrest noko aparte ut, seier Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør i Hordaland.

Ho meiner at Statens Utdanningskontor har gitt kommunane ei grei orientering om retningslinjene som gjeld.

— Desse har vore uendra i mange år, og seier at undervisinga skal vere gratis. Vi har fått ein del meldingar om at situasjonen hadde utarta enkelte plassar, blant anna med kostbare skuleturar med høge eigenandelar i skulens regi.

Difor har vi presisert at ingen skal ekskluderast på grunn av dårleg økonomi i heimen, men at kommunen skal betale for all undervising, seier Lunde.

Statens Utdanningskontor har inga oversikt over kor utbreidd ulovlege eigenandelar er rundt omkring. Dei har gjennomført tilsyn i Ulvik kommune, og fann nokre få eksempel på urettmessig foreldrebetaling.

— Men vi fann ingenting urovekkjande. Ein rapport om Bergen er undervegs, og vi skal gjere tilsvarande i fem-seks andre kommunar det kommande året, seier assisterande utdanningsdirektør Alf Pedersen.

Han meiner det er å setje saka på spissen når badehetter blir gjort til eit hinder for symjeundervisinga.

— Og på spissen står saker som regel veldig dårleg. Dersom elevane blir pålagt å bruke badehette, og dei ikkje har det frå før, går det an å seie at det er eit kommunalt ansvar å skaffe dei hetter, på lik linje med viskelær og bøker.

Men eg er ikkje sikker på om dette er ein konstruktiv inngang til debatten, seier Pedersen. Skulebyråd Anne Gine Hestetun vil heller ikkje kaste seg ut i nokon badehettediskusjon.

— Eg ønskjer å finne fornuftige løysingar, og har sett ned eit utval som skal sjå på kvar grensene går for foreldrebetaling. Dei skal vere ferdige i januar. Utdanningskontoret opnar jo også for skjønn, vi kan ikkje sjå alt for firkanta på dette, seier Hestetun.

fakta/eigenandelar

  • Statens Utdanningskontor i Hordaland har i haust refsa skulane for å krevje eigenandelar på opplegg som er ein del av undervisinga.
  • Heiskort, museums- og teaterbillettar og transport skal dekkjast av det offentlege dersom utfluktene skjer i regi av skulen, ikkje betalast av elevane sjølve.
  • Den Nationale Scene vart sitjande med 1000 tomme sete til skuleforestillingar i haust, etter at mange skular avbestilte. Skulane opplever at handlefridomen er kraftig redusert, fordi skulebudsjetta ikkje strekk til for å dekkje slike aktivitetar.