• Eg fekk ikkje tak i han. Han klarte å stikke av, skal hovudtiltalte ha uttala, like etter jakta på Arve Beheim Karlsen.

PER MARIFJÆRENper.marifjeren@bt.no

Vitnet Herold Kråkenes var ein av dei som sat i rundkøyringa ved brua over Sogndalselva, og såg derfrå at Arve Beheim Karlsen vart jaga ned under brua av to personar.

Klarte å stikke av Den eine, hovudtiltalte, kjente vitnet frå før. Kråkenes sprang etter ned under brua, men såg ingenting før han kom opp igjen på andre sida av brua.

— Då såg eg NN (hovudtiltalte). Han sa 'eg fekk ikkje tak i han. Han klarte å stikke av', forklarte vitnet Kråkenes.

Den andre tiltalte var ikkje å sjå nett då, og dukka opp i rundkøyringa føst lang tid etter, forklarte vitnet.

Eigen rekonstruksjon Vidare fortalte Kråkenes at han på eige initiativ, etter at han hadde forklarte seg for politiet, gjennomførte ei eigen rekonstruksjon av hendingsforløpet i rundkøyringa.

Utfrå dette konkluderte Kråkenes at han måtte ha brukt ein god del lenger tid på løpeturen enn kva han først hadde trudd, blant anna fordi avstandane var lenger og fordi han hadde ein gtar i hendene.

I retten forklarte Kråkenes at det heile må ha tatt minst mellom eit halvt og eitt minutt frå han såg dei to tiltalte forsvann under brua, til han traff hovudtiltalte på den andre sida av brua.

Med til historia høyrer også at vitnet har bede politiet om å få gjennomføre ein slik rekonstruksjon, men at dette ikkje hadde vore interessant for politiet.

Ikkje ineressert Under aktors utspørring av Kråkenes var også forholdet mellom Arve Beheim Karlsen og hovudtiltalte. Her er eit utdrag av aktors utspørring:

Kråkenes vart kjent med Arve i 1997-98 då han starta kokk i Hafslo. Bror min og eg blei kjent med Arve. Vi fekk meir og meir kontakt etterkvart, og mykje kontakt i 1998 og 1999. Vitnet kjente også hovudtiltalte i denne tida.

Aktor: - Korleis var forholdet NN (hovudtiltalte) og Arve?

— Eg var vel den første som gjekk til NN på besøk saman med Arve. Vi sat der og prata, Arve snakka om kvar i India han kom frå. Etter denne første gangen var sikker på at ikkje bli noko godt forhold, for da Arve var gått sa NN at det ikkje interesserte han å vite kor Arve kom frå. Og Arve sa til meg at han synes eigentleg NN var kjempehygeleg kar, men at han var sikker på at det var kompisane som påverka han. Men sjølv visste eg at han tok feil. Eg visste det kunne bli fysisk vald, visste at det kom å skje fæle ting, unødvendige voldelige episodar, sa Kråkenes.

Følte seg pressa ut Aktor: - Såg du noko vald?

— Eg var så heldig at slapp det. Aktor: - Brukte NN nokon uttrykk mot Arve?

Kråkenes: - Nei, ikkje som eg hugsar no.

Aktor: - Nekta NN Arve å være på bestemte plassar?

Kråkenes: -Arve sa til meg at han ikkje var ønska hjå NN. Han sa til meg at han måtte forlate staden, at han tok det tungt og følte det ille at ikkje dei andre vennene hans følgte med når han måtte gå. Han følte seg pressa ut av venneflokken.

Aktor: - Var Arve redd?

Kråkenes: - Ikkje i byrjinga, men etterkvart reiste han heim igjen då NN dukka opp.

Aktor: - Var du på vorspiel 23. april i 1999?

Kråkenes: - Ja, eg var i Sogndal, og traff blant andre Arve. Etterkvart drog eg og ein kompis til rundkøyringa.

Såg Arve vart jaga Aktor: - Kor mykje var klokka?

Kråkenes: - det var byrja å skumre, vi sat ei god stund i rundkøyringa, eg og Frode. Sang, spelte gitar og prata. Etter ei stund så såg eg ein kar kom springande. Frode sa 'er det ikkje han Arve', eg kjente han igjen på den vesle kroppen, bak han kom NN og den andre tiltalte springande. Eg visste ikkje kven den andre var. Kjente han ikkje.

Aktor: - Kor langt bak Arve var dei?

Kråkenes: - Eg rakk vel ikkje å blunke før dei var forsvunne under brua dei også. Var ca. ein meter mellom dei to.

Aktor: - Og fram til Arve da?

Kråkenes: - Huskar ikkje det, men dei runda ut av brua og var på veg ned idet Arve forsvann.

Aktor: - Blei det sagt noe?

Kråkenes: - Eg høyrde berre roping, høyrde ikkje orda. Veit heller ikkje kven som ropte. (I politiforklaringa sa vitnet at dei ropte at dei skulle ta han, men han hugsar det ikkje no). Eg kjente ikkje att stemma, så eg trudde det var den ukjente nummer to som ropte. Det såg ut som ei jakt. Arve såg ut som om han ga det han kunne.

Frykta for Arve Aktor: - Såg du andre enn desse tre?

Kråkenes: - Etterkvart såg eg Kim Berdal, men det var etter at dei sprang under brua. Så sprang vi i rundkøyringa ned under brua for å stoppe det som heldt på å utvikle seg.

Aktor: - Kva var det?

Kråkenes: - At Arve fekk pryl.

Aktor: Var det bilar der oppe, eller tankbilar?

Kråkenes: - Nei, ikkje som eg la merke til.

Aktor: - Såg dere Arve når kom ned under brua?

Kråkenes: - Nei.

Aktor: - Dei to tiltalte?

Kråkenes: - Nei, vi såg ingenting der nede. Vi stoppa begge, og eg la fra meg gitaren.

Aktor: - Høyrte dere noko?

Kråkenes: - Nei, ingenting.

Aktor: - Kva gjorde dere så?

Kråkenes: - Då fortsette vi opp på andre siden. Men vi såg ingenting før vi kom opp på andre sida. Der såg eg hovudtiltalte, vi kom opp til han.

Aktor: - Ikkje Arve eller den andre tiltalte?

Kråkenes: Nei.

Klarte å stikke Aktor: Sa hovudtiltalte noko?

Kråkenes: Ja, han sa 'eg fekk ikkje tak i han, han klarte å stikke av'. Så prata vi litt. Så gjekk vi tilbake til rundkøyringa, så kom Kim Berdal. Seinare bror min, og så såg eg den andre tiltalte like før vi kom tilbake til rundkøyringa.

Aktor: - Kvar kom han frå?

Kråkenes: - Har ikkje peiling.

Eg spurte han om eg kjente han, og han sa at han visste kven eg var.

Aktor: - Var det nokon som spurte etter Arve?

Kråkenes: - Ja, akkurat når vi traff hovudtiltalte, men det vart ikkje meir snakk om.

Aktor: - Kor lang tid kan det ha tatt fra hovudtiltalte forsvann under brua, til dere møtte han på andre sida?

Sikker på å ikkje sjå han att Kråkenes: - Mellom eit halvt til eitt minutt. Eg var nede der ved brua etter at vi var i politavhøyr, ein månad seinare, og tok rekonstruksjon på eiga hand. Då såg eg at eg kunne ikkje reagert på den måten eg trudde eg kunne ha gjort. Eg ser no at dette tar mellom eit halvt til eitt minutt. Eg var heilt oppe igjen då eg såg hovudtiltalte, men eg såg ikkje den andre tiltalte. Men eg registrerte han når vi var tilbake i rundkøyringa ei stund etterpå.

Aktor: - Gjorde du deg tankar om kvar Arve var blitt av?

Kråkenes: Nei, eigentleg ikkje. Men eg var sikker på at han hadde kome seg unna.

Aktor: - Såg du meir til Arve?

Kråkenes: Nei. Det vart først spørsmål etter Arve dagen etter da Kari Beheim Karlsen ringte, og spurte etter han. Da eg la på røret var eg sikker på at Arve kom eg aldri til å sjå meir.

Les også: Kvidde seg til helga Uvisst når Arve vart jaga