TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

Ein gong på ein fest tok Arve seg så nær av hetsen at han sprang ut med gråten i halsen.

— Det var to sambygdingar som stod bak mobbinga, fortalde eit vitne i rettssaka i Indre Sogn heradsrett i går. Jenta som vitna var sjølv til stades på festen, og opplevde at Arve vart håna.

- Kunne køyrt på han Etter at Arve hadde forlate festen, var vitnet med i ein bil som køyrde etter han. Men i bilen var også dei to personane som hadde stått for mobbinga. Det var då kveld og ganske mørkt.

Frå bilen såg ungdommane Arve ved vegen, og dei køyrde forbi han. Den eine av dei to sambygdingane som hadde plaga Arve, skal ifølgje vitnet då ha sagt:

— Vi kunne køyrt på han, og ikkje sagt noko.

— Snakka du ein del med Arve Beheim Karlsen om slike ting som dette?, spurde forsvarar Tor Erling Staff.

— Ikkje så mykje. Arve likte ikkje å snakke om slikt.

Trua med kniv Men til eit anna vitne i rettssaka i går hadde Arve fortalt ein del om det han opplevde som elev på Øyrane vidaregåande skule i Førde. Den indisk-fødde ungdomen var elev ved skulen i Førde nokre månader skuleåret 1998/1999, men slutta fordi han kjende seg trakassert på grunn av hudfargen.

— Arve følte seg mobba, og trua på livet i Førde. Han sa til meg at han ein gong blei han trua med kniv, sa vitnet.

Då Arve Beheim Karlsen til slutt melde trakasseringa til politiet, namngav han både dei to tiltalte, bror til hovudtiltalte og to andre ungdommar frå Naustdal som sentrale i hetsen.

Arve Beheim Karlsen blei også slått ned i Førde då han var tilbake ei helg. Dei som sto bak denne ugjerninga, mellom dei bror til hovudtiltalte, har fått dom for denne episoden som retten har karakterisert som eit tilfelle av rå og uprovosert vald.

Hugsar ikkje Fleire av medlemene i ungdomsmiljøet på Hafslo som har vitna i rettsaka, har hatt store vanskar med å hugse at hovudtiltalte har ytra seg i rasistiske ordelag overfor Arve Beheim Karlsen. No meir enn to år etter, har vitna store vanskar med å minnest kva dei sjølve har forklart at hovudtiltalte skal ha sagt til Arve og om Arve.

Dei fleste vitna må minnast på ting dei har sagt i politiavhøyr før dei kjem på det, og mange kan ikkje hugse det sjølv om dei får avhøyra lese opp.

Men enkelte av vitna meiner likevel å hugse at hovudtiltalte ytra seg i ordelag dei meiner kan karakteriserast som rasistiske.

— Ein gong då Arve kom gåande høyrde eg hovudtiltalte seie: «Der kjem den helsikes negeren», fortalde ei kvinne som vitna i går.

«Flytt deg din svarting» Same vitnet kunne imidlertid ikkje hugse at ho til politiet har fortalt at hovudtiltalte skal ha sagt «Flytt deg din svarting», då Arve ein gong sette seg i ein stol på hybelen til hovudtiltalte. Sjølv ikkje om dette avhøyret blei gjort så seint som 3. februar i år, greidde ikkje vitnet å erindre dette.

I vitneboksen sa kvinna at ho sat med inntrykk av at den tiltalte ungdommen frå Naustdal, ikkje likte dei som hadde ein annan hudfarge.