PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bt.no

Høgsterettsadvokat Staff heldt fredag føremiddag fram med si prosedyre, og gjekk inn på dei konkrete punkta i tiltalebeslutninga. Og rasisme-spørsmålet skulle komme til å stå sentralt.

Hysteri Staff tok føre seg situasjonen då Arve vart jaga over brua, og ropa som fall. Ifølgje tiltalen 'drep ham' og 'drep denne negeren'.

— Om ein ikkje finn bevist at desse ropa fall, kva står da igjen av saka, spurde Staff.

— Kva trugsmål inneber sjølve løpinga, og kvifor har ikkje vitna høyrt dei samme orda bli ropt? Ropa er heilt naudsynte for aktor, i prosedyren fører dei han heilt ned til elva. Desse ropa har vore sjølve fanen over Beheim Karlsen-saka, så det krev moralsk styrke for retten å droppe påverknaden av all denne propaganderinga gjennom to år, sa Staff.

Det har rett og slett vore eit antirasisme-hysteri, meinte Staff.

Advokaten meinte at i denne saka har slektsnamnet NN (hovudtiltalte sitt) i denne saka har blitt ståande som vondskapen sjølv.

— Påtalemakta har bomma på alt som har skjedd før 23. april når det gjeld han. Eg godtek ikkje denne svart-kvitt tenkinga i saka, at Arve står for alt det gode, og at NN står for den vonde sjølv.

Rasisme ikkje bevist - Mi oppfatning er at det ikkje finst noko faktisk bevis som fell inn under rasismeparagrafen. Hovudtiltalte har ikkje ønska at utsegnene skal komme vidare enn til vedkommande han sa det til, sa Staff.

— Utsegnene er ikkje sett fram offentleg, blant eit større tal personar, og dei er ikkje spreidd blant ålmenta.

Staff viste til rettspraksis om omgrepet "offentleg", konkluderte med at det rasistiske utsegnet må spreiast til minst 15-20 personar.

— Såleis ikkje dette vilkåret oppfyllt i vår sak. Men her gjør aktor det sirkuskrumspring, og dreg inn at utsegnene er blitt spreidd i Arves miljø. Men dette er berre interssant det ligg innanfor forsettet til NN, men det er tvert imot prova at han ikkje ønska at dette skulle komme vidare. Statsadvokatens juss på dette punktet passar ikkje på denne saka.

Han kan ikkje dømmast på dette punktet, og om han har opptredd rasistisk på åtte eller fleire gonger er faktisk ikkje interessant i denne samanhengen.

Krev ryggrad Det krev ei ryggrad å komme til dette standpunktet, for det har vore ei massiv propagandering for rasisme-standpunktet, hevda Staff.

Og at Arve var uønskt på hybelen der hovudtiltalte budde, kan ikkje vere rasistisk.

— Vi har framleis lov til å velgje kven vi vil vere saman med, og takk høgare makter for det, sa Staff.

Eit anna punkt i tiltalen gjeld hensynsløs adferd, skremmande eller plagsom opptreden. Her meinte Staff rett og slett at det ikkje er tatt ut offentleg påtale tidsnok innanfor fristen på åtte månader. Staff hevda at familien burde reagert på trakasseringa og gått til politimelding tidlegare.

Også når det gjeld nedskallinga av Arve hausten 1998 meiner Staff at klienten må frifinnast.

— Det er ikkje godt nok bevist at dette er ei nedskalling, og i alle fall ikkje at episoden er rasistisk motivert, meiner Staff.

Angstanfall Staff gjekk også kort inn på valdsepisodane i etterkant av Arves død, to tilfeller av nedskalling. Forsvararen meinte heller ikkje desse ikkje er godt nok bevist.

Og episoden der tiltalte skal ha nærast overfalle ein drosjesjåfør i ein tunnel, er heller ikkje straffbar ifølgje Staff.

— For drosjeepisoden er det tvilsomt om NN i det heile skal straffast. Eg oppfattar drosjesjåføren som svært prega av at han på førehand visste kven NN var og kva han var tiltala for, sa Staff. - Retten må også her vurdere om det er godt nok bevist, med berre fornærma som vitne. Han stoppa bilen i tunell, mens NN fekk angstanfall på grunn av sin redsel for lukka rom. Om ikkje det gjev frifinning, er det i alle fall sterkt formildande, sa Tor Erling Staff under si prosedyre fredag føremiddag.

Les også: Staff: - Arve var ikkje reddKrev tre og to år for Arves plageånder- På grensa til drap- Om Arve slutta var problemet vekke - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred- Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jagaVille skvære opp med Arves mor Hovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdinger Merka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren- Tiltalte ropte "drep han" Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke" Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten