— Kva?! Er det sant? Dette ante eg ingenting om, sa forbundssekretær Jorunn Amundgård då Bergens Tidende konfronterte henne med mannens fortid i går.

Også forbundsleiar Inger-Christin Torp seier dommen mot den framståande AEF-tillitsvalde er ukjent for henne. Ho arbeidde som forbundssekretær i 1996, det året mannen vart dømt, og hadde dermed ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen.

— Den dommen har ikkje eg sett, seier Torp.

— Dagny Gullaksen, som var sentralstyremedlem den gongen, seier at ho orienterte leiinga og styret om at mannen var tiltala for sex-overgrep?

— Nei, eg har ikkje sett nokon papir om denne saka, det har eg verkeleg ikkje. Eg har sjekka styreprotokollane, der står det heller ingenting om dette.

— Men har du visst om saka?

— Nei. Eg har aldri høyrt korkje om tiltalen eller dommen, seier forbundsleiar Torp.

Den sex-dømte 40-åringen seier derimot at Torp kjenner forhistoria hans.

— Eg orienterte henne om kva som hadde hendt. Eg snakka også med Dagny Gullaksen om det, seier mannen.

Torp seier det er fullstendig uaktuelt å bruke den sex-dømte på leirar i framtida, og at dei no også må vurdere stillinga hans som tillitsvald.

— For å hindre slike tilfelle må vi kjenne til dommen først. Vi er ein organisasjon som er heilt avhengige av innsats frå frivillige medarbeidarar. Dette er ein tragedie for alle partar, seier forbundsleiar Inger-Christin Torp.