— Mannen som er nemnt i brevet er tidlegare ustraffa, og har heller aldri vore meldt til politiet eller etterforska av oss. Å hengje folk ut på denne måten er utruleg feigt, seier lensmannsfullmektig Tore Salvesen ved Laksevåg lensmannskontor.

Han fekk inn dei første to breva tysdag. Mannen som kom med dei hadde funne innhaldet så sjikanøst og ille at han fjerna eit tilsvarande brev frå naboens postkasse.

— Dersom brevskrivaren meiner det han eller ho skriv, burde vedkommande gått til politiet eller andre som kunne informere oss. Å gå fram på denne måten er totalt skivebom og svært alvorleg, seier lensmannsfullmektig Salvesen.

Politiet på Laksevåg brukte gårsdagen på å prøve å finne den eller dei som står bak.

— Vi har snakka med fleire personar, og har bestemt oss for å setje i gang etterforsking. Vi må finne ut kven som har skrive dette, og må sjølvsagt undersøkje kva som ligg bak påstandane.

Eg reknar med at vi vil nærme oss personane bak brevet nokså kjapt. Vi vurderer saka som alvorleg og viktig, seier Salvesen.