PER MARIFJÆREN

Ifølgje Kråkenes, som var bestekamerat med Arve Beheim Karlsen, verka den hovudtiltalte ”heilt vekke” då han møtte han den fatale natta.

Heilt nye opplysningar Opplysningen er heilt ny, og det oppsiktsvekkande møtet skal ha skjedd like etter at hovudtiltalte kom opp frå området under brua der Arve forsvann. Kråkenes visste då ikkje at noko var skjedd med Arve.

Her er forklaringa om møtet med hovudtiltalte, som var på veg opp frå det elveområdet der Arve sist vart sett:

Vitnet: — Eg møtte hovudtiltalte på en måte som eg aldri sett han før, han var heilt fjern, heilt vekke. Det var i Sogndal eg møtte han i sentrum, han kom aleine frå Øyane (eit område langs elva, red. merkn.) opp mot rundkøyringa.

Hoel: - Korleis var NN (hovudtiltalte) ved dette tilfellet?

— Han var liksom heilt vekke.

_ Var han full?

— Ja, men på ein heilt annan måte enn eg hadde opplevd han på tidlegare.

Kråkenes kan ikkje hugse at nokon sa noko som helst om Arve. Også hovudtiltalte sin forsvarar, advokat Tor Erling Staff, spurte vitnet om desse forholda.

Staff: - Er det mogeleg at du kan ha blitt prega i erindringa, av det som skjedde?

— Nei, eg seier det eg sjølv hugsar. Men eg slapp å vitne om dette då saka var oppe for to år siden, fordi eg takla ikkje å prate om dette.

— Har ikkje sagt dette til nokon tidlegare?

— Berre til ein person.

Ein fantastisk fyr Bestekameraten fortalde også retten korleis han måtte gøyme Arve Beheim Karlsen på do under ein fest, slik at hovdtiltalte ikkje fekk tak i han.

23-åringen, som var besteven med Arve Beheim Karlsen fortalde retten korleis han måtte gøyme Arve vekk på denne måten, og sidan korleis dei fekk han i sikkerheit ved å ta han med i ei drosje.

Til retten forklarte vitnet at han er sikker på at hovudtiltalte var ute etter Arve berre på grunn av hudfargen. Dette er bestevennens vidare forklaring, på spørsmål frå aktor Jan Hoel.

Hoel: - Fortell om Arve Beheim Karlsen, kjente du han godt?

Vitnet: - Ja, han var bestekameraten min. Eg vart kjent med han då gjekk på skule i Haslo.

— Vart de kjente som ungdommar?

— Ja, vi hadde ganske mykje kontakt.

— Korleis var Arve?

— Han var ein fantastisk fyr, var alltid smilande og glad, han hadde alltid noko å snakke om, han var litt beskjeden. Det var liksom ingen problem.

— Vi har fått høre at Arve var fæl til å skryte?

— Vel, han hadde alltid historier, om for eksempel flotte damer på fest. Men det var berre artig. Sjølv skryter eg no like mykje som han, vil eg sei.

— Var Arve kraftig bygd?

— Han var den spinklaste eg kjente på den alderen der.

Gøymde Arve på do - Arve var eit tid av og til på besøk hos hovudtiltalte på Tanghyttene på Hafslo. Skjedde noe der?

— NN (hovudtiltalte) hadde besøk av en kamerat, og slik eg oppfatta det var det for at ikkje hovedtiltalte skulle dumme seg ut for kameraten at han nekta Arve å komme på besøk. Slik oppfatta eg det. Han som var på besøk til hovedtiltalte hadde langt svart hår.

— Andre ting enn at hovudtiltalte nekta Arve å vere på hytta hans?

— Ein gong då Arve kom, og eg var inne hjå hovudtiltalte så sa han at ”han” (Arve, red. merkn.) ikkje skulle få komme inn i hytta.

Hoel: - Var det andre episoder mellom dei?

— Ein gong følte eg det var trugande. Eg gøymte han Arve på eit toalett da NN (hovudtiltalte) kom opp der det var fest. Han sa han ikkje skulle gjere Arve noko, men eg visste at det var nett det han skulle.Eg følte at Arve ikkj var trygg, fordi NN skulle ta han.

Vondt berre å tenke på - Kvifor tolka du det slik?

— Fordi eg veit kva som hadde skjedd før, og eg såg det på hovudtiltalte. Det var ikkje tvil om at han skulle ta Arve.

— Sa han det?

— Nei, ha sa 'bare slapp av, eg skal ikkje ta han.'

— Men du skjønte det?

— Ja, ja, ja. Men det er vanskeleg å forklare. Eg såg det på han, visste om turbulensen mellom dei.

— Du gøymde Arve på do?

— Ja, NN (hovudtiltalte) fann han ikkje. Eg var redd sjølv, både for meg sjølv og Arve. Etterpå drog vi, og det var ein annan kamerat som gjekk på NN (hovudtiltalte) slik at Arve kom seg vekk. Denne kameraten følte at Arve var i fare, på samme måte som meg. Så medan dei stod der, fekk eg og søstra mi Arve unna i ein taxi.

Sorenskrivar Steinar Velle avslutta utspørjinga med spørsmål om korvidt det var vanskeleg å forklare seg om korleis Arve var og at han hadde mista kameraten.

— Det gjer vondt berre eg tenker på det, sa Vitnet.

LES OGSÅ: Var blant Arves plageånder Måtte stoppe hovudtiltalte