Jan Koløy tenner ein ny sigarett bak disken i krambua si på Sæbøvik på Halsnøy. Han er sint når han snakkar om videoinnslaget på TV 2 som heile øya snakkar om. — Kundane mine har alle vore opptekne av dette i dag, og dei er einige med meg i at ei slik framferd som den tolvårige gutungen blei utsett for ikkje kan aksepterast, seier Koløy, som i tillegg til å vera handelsmann og hytteutleigar på Halsnøy er ein Hagen-tru Frp-politikar i Kvinnherad og Hordaland.

Andre halsnøybuar har óg sine klare meiningar om den tilspissa tilbakeføringssaka. Men dei vil ikkje stå fram i avisa av frykt for å bli tekne til inntekt for den eine eller andre foreldreparten.

— Det er ille at det gjekk så langt. Tilbakeføringa burde vore ordna straks mora gav beskjed om at ungen skulle heim att, seier ein mann.

- Burde sagt stopp

— Rettsvitnet burde gripe inn og sagt «Stopp, dette går ikkje». Eg såg innslaget og høyrte skriket frå guten. Uansett kva som har skjedd før i denne saka, så må dette ha skada ungen i sjela.

Dei burde brukt meir tid på å snakka med guten, meiner Jan Koløy.

— Politiet i Kvinnherad har elles vore kjent for å bruka folkevit. Her har dei sikkert ergra seg over å ha blitt involvert fleire gonger. Då burde eit rettsvitne med fagutdanning ha gripe inn, seier Koløy.

— Har vi ikkje betre fagekspertise på dette feltet enn dette, må vi vurdera å importera arbeidskraft med rette ekspertisen, seier Jan Koløy. Som gjerne ser barnevernet organisert annleis, med innslag av «politikarar med sunt bondevit», som han seier.

Ber om utgreiing

— Eg har bede rådmannen greia ut Kvinnherad kommune si rolle i denne barnefordelingssaka, seier ordførar i Kvinnherad, Aksel Kloster til Bergens Tidende. - Som andre kommunar har vi barnevernsaker som hamnar i rettssystemet. Det er der denne saka er komen, dermed vedkjem ho ikkje lenger kommunen. Men eg ønskjer ei orientering for å få eit oversyn i saka, seier Kloster.

Rettsvitnet taus

Ei helsesøster frå Stord var rettsvitne då lensmannen i Kvinnherad henta 12-åringen på Halsnøy for å føra han tilbake til mora, som åleine er tilkjent foreldreretten.

Helsesøstera, som har fått kritikk for at ho var passiv til politiets maktbruk, ønskjer ikkje å uttala seg offentleg i saka.

— Stord kommune fekk ein førespurnad frå lensmannen i Kvinnherad om å yte hjelp i ei komplisert sak. Vi tilbydde ein høgt betrudd medarbeidar i kommunen. Ho er framleis ein høgt betrudd medarbeidar hos oss, seier kommunalsjef Knut J. Gram i Stord kommune til Bergens Tidende.

— Ho har kome i fokus i ei sak som ho berre er ein liten bit av. Vi kjenner ikkje innhaldet i saka, og dei skjønsmessige vurderingane som er gjort i Kvinnherad må andre døma om, seier Gram.

REAKSJON: Handelsmann og Frp-politikar Jan Koløy er blant mange på Halsnøy som reagerer på måten ein 12-åring blei henta frå far på Halsnøy til mor i Danmark med politimakt.
FOTO: KNUT EGIL WANG