• Vi var fullstendig sjokkskadde heile gjengen, seier ungdommane som var vitne til ulykka på Askøy natt til laurdag.

Ungdommane hadde vore på eksamensfest då dei drog til åstaden for ei trafikkulykke for å sjå på utfallet. Få minutt seinare skjer ei ny ulykke på same staden.

Eksamensfesten for tiandeklassingane ved Fauskanger barne— og ungdomsskole var i ferd med å løyse seg opp frå Herdla Grendahus då Jon Ingve Aarvik fekk telefon om ei bilulykke to kilometer frå Herdla. Fleire med han reiste umiddelbart til ulykkesstaden for å sjå på utfallet av ulykka der ein mann 30-åra vart lettare skadd. Ungdommane fortel at bilen stod på tvers i vegbanen etter først å ha havna i grøfta og treft fjellveggen.

Ein politibil stod parkert inn mot muren, og bak politibilen stod ein personbil. Politiet snakka med to vitne, ein 18-år gammal gut og ei 16 år gammal jente.

— Det kom kanskje 15-20 ungdommar til etter kvart. Nokre få stod i vegbanen, men dei fleste stod på fortauet bak muren. 6-7 ungdommar sat oppå muren, seier Jon Ingve Aarvik, Cathrine Andersen og Sigve Berland.

Cathrine Andersen var blant dei som sat på muren då ein personbil plutseleg kom mot dei frå sør, i stor fart. Bilen køyrer rett forbi varseltrekanten og treffer dei to vitna som står i vegen og snakkar med politiet. Den 16 år gamle jenta er ei venninne av Cathrine Andersen. Bilen treffer også personbilen som står parkert i vegkanten, og som dermed brasar inn i politibilen.

— Det kan ikkje ha gått meir enn fem minutt frå vi gjekk ut av bilen til det smalt, seier ungdommane som alle har kome tilbake til ulykkesstaden dagen etter.

- Nokså stor fart

— Eg veit ikkje kva som skjedde før eg plutseleg flaug bakover, seier Cathrine Andersen, som slapp unna ulykka med sjokket. Det same gjorde Sigve Berland (19), som stod i vegbanen då bilen kom:

— Eg såg bilen komme i nokså stor fart, og tenkte at no må han må vel stoppe snart, men det gjorde han ikkje. Vi hørte ikkje eingong bremselydar - før det plutseleg smalt. Noko sneia kneet mitt, men eg kom frå det heilt utan skadar, seier Sigve.

Alle av dei som sat oppå muren blei kasta bakover som følgje av det kraftige smellet.

Ungdommane blei alle verande på staden til ambulansehelikopter og ambulanse hadde køyrd. Etterpå drog dei til Kleppestø der dei fekk tilbod om psykiatrisk krisehjelp.

PÅ ÅSTADEN: Natt til i går var Cathrine Andersen, Jan Frode Træet, Jon Ingve Aarvik og Sigve Berland vitne til at veninna deira vart meid ned i ei dramatisk bilulykke to ved Herdla på Askøy.<p/>FOTO: VEGAR VALDE