1. mai-talen er død som genre, meiner filolog og mediemeinar Siren Sundland.

— 17.mai-talen er ein forskrekkeleg genre, ei eventyrleg klisjéopphoping. Eg har høyrt mange kloke folk prøve å komme seg ut av 17. mai-talens klamme form utan hell, seier Sundland (biletet) til BT.

— Sjølv om dei prøver å seie noko nytt, er konvensjonane så sterke og genren så lett å forutseie. Eg trur på visdomsord i ein annan kontekst enn ei bunadskledd bygd.

— Er 17. mai-talen død som genre?

— Lever den i det heile, då? Er det liv i 17. mai-talen? Som meiningsformidling har genren låg puls, og syng på siste verset, hevdar Sundland.

— Det er fordi 17. mai-talen gjev lite rom for nyskaping. Forma er så sementert at det er svært vanskeleg å skapa liv innanfor rammene. Siren Sundland har bestemt seg for aldri å halde 17. mai-tale. Derfor takka ho også nei til Unneland grendalag.

— Eg «gøymde» meg bak ungane mine, at eg måtte ta meg av dei. Men eg hadde ikkje så lyst til å stå der og repetere. Det er så vanskeleg å seie noko nytt at eg måtte brukt enormt med energi på å skrive ein tale, fortel ho.