– Det er fint for kundane å sleppa å uroa seg om fotografen er i stand til å vera med på turen, seier Hjørnevik, og ler godt.

Kyte, Voss, ein eller annan gong på 1980-talet: Sverre Hjørnevik spring rundt i skogen med bror og diktar Jon Hjørnevik, og resten av flokken i nabolaget på Lemme på Voss. Dei leikar indianarar. Er ute heile tida. Her lærte han, som vossingar flest, å kontrollera utekroppen.