Praktisk meistring kan gi ungdom ein betre skulekvardag og sikre eit meiningsfylt vaksenliv, meiner Vidar Øvredal. I ein stadig meir teoritung skule tilbyr han elevane ein alternativ skuledag. Han forstår godt elevar som synest det er vanskeleg å sitje mykje stille i klasserommet. Sjølv er han alltid i aktivitet, anten i sildesalteriet han har omgjort til heim på Vinnes i Fusa eller padlande over Bjørnefjorden.

– Eg må gjere noko praktisk, klarer ikkje å sitje stille, seier Vidar Øvredal.