– Det var damene på Kvinneklinikken som tok kommandoen då vi var fødde. Det var dei som kom på ideen om kongenamna. Mor hadde nemleg andre namn i tankane, seier eldstemann Haakon Budal.

Men mor, Marie Budal, likte forslaget. Og når heller ikkje far, Ivar Budal, hadde noko imot kongenamna, vart storhendinga feira med eit telegram til arveprinsen, også det i regi av dei tilsette på KK.