Det finst visse reglar her i Bergen. Det er berre å belite seg. Språklege tradisjonar, til dømes.

Nokre ord seier ein rett og slett ikkje, og då statsministeren rydda plast i Oslofjorden og presterte å seia søppel og ikkje boss på Dagsreyven, skjønte sjølv Solberg at ho måtte jenke seg.